Kvinnheradpakken klar for Stortinget

– Det skal setjast i gang vegarbeid rundt omkring i Noreg, også på fylkesvegane våre. Mange vegar i Kvinnherad kommune i Vestland er ikkje tilpassa dei krava til standard som gjeld i dag. Gjennom Kvinnheradpakken legg vi til rette for at fleire av desse vegane kan bli utbetra dei komande åra. No sender vi pakken til handsaming i Stortinget, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (08.04.2022).

Foto over: – Politikarane i fylkeskommunen og kommunen er einige om innhaldet i pakken. Det gjeld både kva for vegar som skal bygjast ut og korleis pakken skal finansierast, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen/SD

Proposisjonen om finansieringa av Kvinnheradpakken vert lagt fram i statsråd i dag. Det vil seia at pakken no skal handsamast i Stortinget.

Politikarane i fylkeskommunen og kommunen er einige om innhaldet i pakken. Det gjeld både kva for vegar som skal bygjast ut og korleis pakken skal finansierast. Pakken inneheld sju tiltak, der seks er utbetringar av fylkesvegar og eitt gjeld mindre trafikktryggleikstiltak i kommunen. Fv. 500 Furebergfossen bru er allereie ferdig, og den første delen av fv. 500 Folgefonntunnelen–Årsnes er i gang.

Det er lagt opp til at bompengeinnkrevjing skal gjerast på ferjesambanda Ranavik–Skjersholmane, Gjermundshamn/Varaldsøy–Årsnes og Skånevik–Utåker/Matre. Dette vil gje låge innkrevjingskostnader. Forslaget kan føra til at ferjetakstane aukar 2022. Bompengeinnkrevjinga vil etter planen vare i 15 år.

For meir informasjon, sjå: