80 milliardar kroner til betre samferdsel over heile landet

– Regjeringas samferdselspolitikk bind land og folk tettare saman. Vi byggjer veg og bane i eit høgt tempo. Det bidrar til å skape arbeidsplassar i heile landet. Det er viktig i ei tid der vi skal ta Noreg ut av koronakrisa. Med satsinga på både nye prosjekt og vedlikehald av det vi allereie har, gjer vi Norge tryggare, betre og meir miljøvenleg. Med statsbudsjettet for 2021 viser vi igjen at samferdselssektoren er viktig for denne regjeringa. Vi skaper ei grøn framtid og får folk tilbake i arbeid, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 80 milliardar kroner til samferdselsformål i 2021. Dette er ein auke på nær 8 prosent samanlikna med budsjettet som blei vedtatt for 2020, det vil seie før Stortinget i fleire omgangar har løyvd midlar til samferdselstiltak på statsbudsjettet for 2020 som følgje av koronapandemien.

Betre og tryggare vegar
For å bidra til ein tryggare og betre reisekvardag for dei som køyrer, syklar og går, foreslår regjeringa å løyve drygt 36 milliardar kroner til vegformål i 2021.
– I Norge er vi avhengig av vegane våre og vi held trykket oppe i vegbygginga. Mange store vegprosjekt er allereie igangsette. Med regjeringas budsjettforslag blir det full framdrift i desse utbyggingane over heile landet. Anleggsarbeida vil skape fleire jobbar og dermed sikre at vi har fleire bein å stå på, seier samferdselsministeren.

Regjeringa foreslår også å løyve midlar til førebuande arbeid og eventuell anleggsstart på fem riksvegstrekningar i 2021: E18 Lysaker-Ramstadsletta, riksveg 4 Roa-Gran grense, E39 Myrmel-Lunde, E39 Lønset-Hjelset og krabbefelt på E39 Ørskogfjellet i Møre.

2021 blir enda eit år med reduksjon i vedlikehaldsetterslepet på riksvegane. Ein viktig grunn til dett er prioritering av tunnelutbetringar.

– Summen av mange tiltak gjer vegane stadig tryggare. Vi vil at det skal vere trygt å ferdast i trafikken og nullvisjonen om null drepne og hardt skadde er framleis eit viktig mål for oss, seier Hareide.

Regjeringa følgjer òg opp bompengeavtalen frå 2019, og foreslår å setje av over 1,4 milliardar kroner for å redusere bompengane i fleire prosjekt. Dette kjem bilistane til gode.

Fylkeskommunane har ansvaret for fylkesvegane, men fylkesvegar med særleg stor næringstransport er av nasjonal interesse. Difor foreslår regjeringa òg i 2021 å løyve 100 millionar kroner i tilskotsordninga til fylkesvegar som er viktige for næringstransporten.

Full framdrift i utbyggingsprosjekt og nye, meir klimavennlege tog i Trøndelag
– Regjeringa satsar på ei kraftig oppgradering av jernbanen. Med forslaget for 2021 har vi meir enn dobla løyvingane sidan 2013. For fyrste gong foreslår vi over 30 milliardar kroner til jernbaneformål, seier samferdselsministeren.

I 2021 prioriterer regjeringa full framdrift i allereie igangsette byggjeprosjekt, ikkje minst på InterCity-strekningane på Vestfoldbanen, Dovrebanen og på Østfoldbanen. Budsjettforslaget gjer det mogleg med anleggsstart på InterCity-prosjektet Kleverud-Sørli på Dovrebanen.

I Trøndelag startar for alvor anleggsarbeida på elektrifiseringsprosjektet på Meråkerbanen og Trønderbanen mellom Trondheim og Værnes. I tillegg blir det fasa inn 14 nye bimodale togsett som skal erstatte gamle dieseleltog på dei to banene og delar av Rørosbanen, og dei 14 hybridtoga skal gjere togtrafikken i Trøndelag meir miljøvennleg.

Regjeringa prioriterer full framdrift i arbeidet med skifte ut dei gamle signalanlegga med eitt felles digitalt signal- og sikringssystem for heile jernbanenettet – ERTMS. Dette er for tida Noregs største IKT-prosjekt, og skal mellom anna bidra til å gjere togtrafikken meir driftssikker. Delstrekningar på Gjøvikbanen og Nordlandsbanen er dei fyrste i rekkja som skal ta i bruk ERTMS – i 2022.

Grøn framtid i byområda
Regjeringa foreslår å løyve 6,5 milliardar kroner til byvekstavtaler og belønningsavtaler i 2021.
– Byane våre veks, og vi må leggje til rette for ei grøn framtid. Effektiv, trygg og brukartilpassa transport i byområda er difor eit behov for stadig fleire.
Regjeringas satsing i byområda gjer at fleire kan velje grøne kvardagsreiser og kollektive løysingar, seier Hareide.

6 milliardar kroner er sette av til å følgje opp byverkstavtalar i dei fire største byområda. Dei statlege midlane skal mellom anna vere med å finansiere Fornebubanen i Oslo og Viken, Bybanen i Bergen, Metrobussen i Trondheim og Bussveien på Nord-Jæren.

500 millionar kroner er sette av til å følje opp belønningsavtaler i Kristiansand, Buskerudbyen, Nedre Glomma og Tromsø – inkludert tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtransport.

Foreslår å starte bygging av testfasilitetar for oljevern
Regjeringa foreslår å løyve 2,6 milliardar kroner til kystformål. Ein stor del av midlane går til å vedlikehalde navigasjonsutstyr og utbetre innseglingar. I budsjettforslaget er det sette av 25 millionar kroner til ny oljevernteknologi.

– Noreg skal vere i førarsetet i kunnskap og utvikling av oljevern og i arbeidet med marin forsøpling. Vi vil difor utvide Senter for oljevern og marint miljø, ved å etablere testfasilitetar i Fiskebøl i Lofoten. Desse testfasilitetane skal utvikle oljevernteknologien, spesielt i hav med mykje is. Med budsjettforslaget for 2021 sikrar vi at planlegginga av testfasilitetar kan starte, seier samferdselsministeren.

Vidarefører satsing på luftfart
Regjeringa vil leggje til rette for eit godt flytilbod over heile landet og foreslår å løyve om lag ein milliard kroner til luftfartsformål i 2021. Drygt to tredjedelar av dette går til statleg kjøp av regionale flyruter (FOT-ruter), hovudsakeleg på kortbanenettet på Vestlandet og i Nord-Noreg.

– Luftfarten er spesielt viktig for distrikta. I desse områda er folk og næringsliv ofte avhengig av eit godt flytilbod i kvardagen. Luftfarten bidreg difor sterkt til verdiskaping over store delar av landet, seier Hareide.

Luftfarten har blitt hardt råka av koronapandemien. Regjeringa har iverksett fleire målretta tiltak for å motverke dei negative effektane. Den vidare handteringa av koronapandemien vil avgjere om det kan bli behov for ytterlegare tiltak i 2021.

Foreslår å vidareføre støtteordning for kommersielle ekspressbussar
Ekspressbussane og andre kollektivruter som er drivne på kommersielt grunnlag, har på same måte som annan kollektivtransport blitt ramma av ein vesentleg nedgang i billettinntektene på grunn av smitteverntiltaka som er innførte etter virusutbrotet.
Som ein konsekvens av dette løyvde Stortinget tidlegare i år 100 millionar kroner til kommersielle buss- og båtruter i 2020. Det er framleis usikkert korleis virussituasjonen og smitteverntiltak vil vere til neste år. Regjeringa foreslår difor å vidareføre ordninga med 100 millionar kroner i 2021.

Postomdeling annankvar vekedag, avisomdeling frå måndag til laurdag
Til statleg kjøp av bank- og posttenester foreslår regjeringa å løyve 740 millionar kroner.
174 millionar kroner er foreslått løyvd til avisomdeling i område utan eigne avisbodnett, slik at avisabonnentar over heile landet kan få dagsfersk avis frå måndag til laurdag. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 566 millionar kroner til statleg kjøp av post- og banktenester frå Posten Norge AS. Dette vil i 2021 mellom anna sikre postomdeling annankvar vekedag over heile landet.