
Statsbudsjettet 2026: Doblar støtta til militær mobilitet på fylkesveg
Fylkesvegnettet er ein viktig del av totalforsvaret i landet vårt, og for å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar i fred, krise og krig.
I 2025 blei det oppretta eit øyremerkt tilskot til fylkeskommunane for å ruste opp 14 bruer, som er viktige for militær mobilitet. I 2025 løyvde Stortinget 50 millionar kroner til dette formålet. I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å auke løyvinga til 102 millionar kroner.
Foto over: istockphoto fra Lofoten
– Dette gjer det mogleg å gjere tiltak som legg til rette for betre militær mobilitet, i tillegg til å auke trafikktryggleiken og framkoma. No kan fylkeskommunane starte med arbeid på alle dei fire bruene som blir prosjekterte i 2025, og dessutan ferdigstille brua som hadde byggestart i 2025, seier samferdselsministeren i en pressemelding.