Avisleder: Treng krafttak på bru-vedlikehald
Av avisleder Sunnmørsposten.
Fleire tusen norske bruer er i ei elendig forfatning. For heile 5.600 har forfallet kome så langt at det går ut over trafikktryggleiken.
Illustrasjonsfoto over: istockphoto
For så mange som 342 riks- og fylkesvegbruer utgjer skadane ein alvorleg trafikkfare.
Skadar på rekkverk er den vanlegaste feilen.
Langs det norske riks- og fylkesvegnettet er der rundt 17.000 bruer, med smått og stort. NRK har undersøkt statusen på desse i Vegdirektoratet si eige register «Brutus».
Ei tilsvarande undersøking gjorde VG i 2017 og 2018. (VG:De forsømte broene)
Den gongen var det skadar eller manglar på rekkverket på 2.000 bruer. Totalt var det då skadane på nær 1.100 bruer så store at det var kritisk for bereevne eller trafikktryggleik.
Samla pris for etterslepet på vedlikehald var 15 milliardar.
Samanlikninga mellom status då og no syner i beste fall at det går svært sakte framover. Forklaringa er naturleg nok at det er svært kostbart. Berre på fylkesvegbruene i Møre og Romsdal vil det koste rundt 1,6 milliardar å tette etterslepet.
I Vestland er talet etter det NRK har fått opplyst meir enn det doble.
Omfanget på skadane og dei store kostnadane det vil krevje å utbetre dei, gjer at vi må akseptere at dette er eit problem det vil ta tid å løyse. Vi må likevel ha lov til å vere utolmodige og forlange større tempo.
Fleire tusen norske bruer er i ei elendig forfatning. For heile 5.600 har forfallet kome så langt at det går ut over trafikk- tryggleiken.
For så mange som 342 riks- og fylkesvegbruer utgjer ska- dane ein alvorleg trafikkfare.
Skadar på rekkverk er den vanlegaste feilen.
Langs det norske riks- og fylkesvegnettet er der rundt 17.000 bruer, med smått og stort. NRK har undersøkt statusen på desse i Vegdirektoratet si eige register «Brutus».
Ei tilsvarande undersøking gjorde VG i 2017 og 2018.