Har kartlagt fare for store områdeskred i Vestland fylke
Faren for store områdeskred er kartlagt for fem kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane, Naustdal og Førde (Sunnfjord), Eid (Stad), Stryn og Gloppen. Det er lokalisert 26 skredfarlege kvikkleiresoner med tilhøyrande utløpssoner i kommunane. I tillegg er det utarbeidd aktsemdskart for områdeskred, skriver NVE i en pressemelding.
– Rapportane vil gje store betringar i arealplanarbeidet og gje eit godt grunnlag for å redusere faren for områdeskred i dei kartlagde kommunane, seier regionsjef ved NVE Region Vest, Aart Verhage.
Grunnlaget for kvikkleiresonene er kart- og terrenganalyser, synfaring i felt og grunnundersøkingar. Karta er produsert i digital form og inngår i det offentlege kartgrunnlaget (DOK), slik at kommunane og andre kan nytte dei i eigne verktøy saman med anna kartdata. Dessutan er det laga ei eiga kartløysing for «aktsemdskart-områdeskred» for kommunane.
Det gjerast merksam på at oversiktskartlegginga ikkje er ei utfyllande kartlegging for alle områda der kvikkleire vert påvist, og at kartlegginga har hatt fokus på eksisterande busetnad og mogelege erosjonskjelder. I områder under marin grense, tidlegare havnivå, vil kvikkleira generelt kunne påtreffast utanom kartlagde faresoner, i større områder eller i avgrensa lommer.