Vestland – storsatsing på vedlikehald av fylkesvegane
– No startar storsatsinga på utbetring og vedlikehald av vegane i fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkestinget skal bruke 500 millionar kroner ekstra dei neste tre åra. Dei første 90 millionane skal brukast no.
Foto over: 500 MILLIONAR: Fylkesvegane i Vestland skal få ekstra vedlikehald for 500 millionar kroner. Illustrasjonsfoto: Vestland fylkeskommune
I vedtaket har fylkestinget fordelt de 90 millionane med 28 millionar til bruer og ferjekaier, 40 millionar til nytt dekke og vegoppmerking, og 22 millionar til vegutstyr, miljø og andre tiltak. I 2024 er 200 millionar avsett, og 210 millionar i 2025.
Raske tiltak
– Vedlikehaldsetterslepet vårt er rekordstort og kan gå ut over trafikktryggleiken. Det har hasta med å kome i gang. No får vi raske tiltak som punktutbetringar, utbetring av flaskehalsar på vegnettet og kritisk bruvedlikehald. Dette skjer i samsvar med prioriteringane vi har gjort i regional transportplan og i god dialog med kommunane, seier Askeland.
Konkret fordeling av dei ekstra pengane i 2024 og 2025 blir behandla i samband med budsjettet for dei aktuelle åra. Førebels er det lagt opp til ei fordeling av 200 millionar i 2024 og 210 millionar i 2025. I 2024 er det planlagt fordeling med 90 millionar til vedlikehald av bru/ferjekaier, 41 millionar til dekkelegging og 69 millionar til vegutstyr, miljø og andre tiltak. I 2025 er fordelinga 124 millionar til bru/ferjekai, 14 millionar til dekke og 73 millionar til vegutstyr, miljø og andre tiltak.
Skal stoppe forfallet
– Innan utgangen av 2025 skal vi ha brukt opp heile den ekstra løyvinga på 500 millionar kroner. Målet er at forfallet på fylkesvegnettet skal stoppe, vegane skal vere opne og trygge å reise på, og sikra og tilpassa framtidige klimaendringar, seier fylkesordførar Jon Askeland.