Vegard Hansen blir ny direktør for Vegtilsynet

Vegard Hansen er 34 år gammal og har vore tilsett i Vegtilsynet sidan 2018 med ansvar for økonomi og strategi. Hansen har ein bachelor i økonomi og administrasjon frå Høgskolen i Lillehammer og har tatt fleire emne ved Edinburgh Business School der han har Postgraduate Certificate.

– Eg ønsker Vegard Hansen velkommen som direktør for Vegtilsynet og ser fram til eit godt samarbeid om å nå nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård om tilsettinga.  

Den viktigaste oppgåva til Vegtilsynet er nullvisjonen om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken. Vegtilsynets hovudoppgåve er å føre tilsyn med Statens vegvesen og Nye Veier AS. Dei skal òg vere en pådrivar for trafikksikkerheit uavhengig av vegeigar. I tillegg følger Vegtilsynet opp sikkerheitstilrådingar som Statens havarikommisjon gir etter ei gransking.

Vegard Hansen er busett på Voss og tiltrer stillinga den 1.januar 2023.