Turistveganlegget Gjende fullført i 2023

Statens vegvesen går nå i gang med siste byggetrinn på Gjendeosen, langs Nasjonal turistveg Valdresflye. Gjende er ein av ti store turistattraksjonar som får eit solid løft gjennom Statens vegvesen sitt arbeid med Nasjonale turistvegar. Målet med satsinga er å styrke norsk reiseliv sin konkurransekraft lokalt, regionalt og nasjonalt.

Fullføringa av turistveganlegget ved Gjende består av eit nytt servicebygg med kiosk/café med kjøkken, nødvendige lagerrom, personalrom, tekniske rom og toalettanlegg. Omkringliggjande uteareal skal opparbeidast enkelt og estetisk. Kostnadsramma for byggefase 2 er på 45 – 50 mill.kr, finansiert med turistvegmidlar, skriver Statens vegvesen i en pressemelding.

Gjende, Nasjonal turistveg Valdresflye. Arkitektens forslag pr januar 2020. Arkitekt: Knut Hjeltnes arkitekter.

Det nye bygget blir på ca. 350 kvadratmeter og består av trekonstruksjoner med tre og glas i fasadane og tak med trepanel, i same stil som bygga på Gjende og Reinsvangen som blei tekne i bruk i 2019.

Dagens kioskbygg skal rivast når det nye bygget er på plass, men skal drivast som tidlegare i 2022. Anleggsområdet vil bli gjerda inne og jobben gjennomført med vekt på å avgrensa ulempene for publikum og næringsaktørane.

Med det nye terminalbygget blir Gjende betydelig oppgradert og ein komplett fjellterminal for dei mange titusen besøkande frå inn- og utland. I den første byggefasen blei det etablert ei ny solid brygge for Gjendebåten med eit funksjonelt lagerbygg og med ei utforming som støttar opp om stemninga på staden. Utfartsparkeringa på Gjendeosen blei flytta til ein utvida parkeringsplass på Reinsvangen, som blei utstyrt med eit servicebygg med toalett og sykkelparkering.

Illustrasjon av området ved Gjendeosen med påbegynt bygg på den nye Gjendebrygga, Nasjonal turistveg Valdresflye. Arkitekt: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL. Foto/skisse levert av arkitektkontoret. Illustrasjon/skisse pr 4. april 2019.

Utbygginga ved Gjende saman med fullføring av prosjekta ved Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda og Torghatten på Helgelandskysten er dei største tiltaka som inngår i satsinga på Nasjonale turistvegar dei kommande åra

Byggherre: Statens vegvesen

Arkitekt: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL

Entreprenør: Brun Bygg AS

www.nasjonaleturistveger.no