Tresdalsbrua får nytt rekkverk – denne veka startar arbeidet

Møre og Romsdal fylkeskommune skal montere nytt, sterkare rekkverk på Tredalsbrua i Sunndal. Arbeidet startar denne veka og vil vare fram til sommarferien.

Rutinemessige inspeksjonar av brua viser at dagens rekkverk er for dårleg. Utskifting av brurekkverk krev at gamalt betongdekke og den gamle betongkanten blir meisla bort først. Nå det er gjort, blir det forskala og støypt nye kantar, før nytt rekkverk blir montert.

– Sidan det skal gå trafikk over brua mens entreprenøren jobbar, må vi jobbe på ei side om gongen. Brua får trafikklys sidan ho berre får eitt køyrefelt i prosjektperioden. Det er viktig at trafikantane held farta nede og tek omsyn til dei som arbeider på brua, seier byggeleiar Lasse Neslein i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Under fjerninga av den gamle betongen, blir det dessverre mykje støy frå brua. Det gjeld to veker før påske (veke 12 og 14) og to veker i siste halvdel av mai. Det blir jobba frå kl. 07-19 måndag til og med laurdag. Det blir ikkje jobba på søndagar eller heilagdagar.

Tredalsbrua vart opna for trafikk i 1962. Det nye rekkverket som blir montert har 2022-standard, tilpassa dagens køyretøy og trafikkmengd.

– Eit meir solid rekkverk tek litt meir plass og brua kan opplevast som smalare. Men ho skal ha to køyrefelt og er sikrare når vi er ferdige med arbeidet. Vi legg også til rette for at det er mogleg å henge ei gangvegbru på utsida i framtida, fortel byggeleiaren.