Stortingets transport- og kommunikasjonskomité kommer til Vestland fylke 14. til 16. mars
Transport- og kommunikasjonskomitéen besøker Vestland for å gjere seg kjent med samferdselsprosjekt, -planar og -utfordringar i fylket.
Turen går gjennom Sunnfjord, Nordfjord og Bergen, langs ruta blir det fleire møte som er opne for både innbyggarar og presse. På grunn av eit stramt møteprogram, er det berre medlemmar av komiteen som har høve til å stille spørsmål i møta.
Foto over: E39 Bjørset–Skei. Foto: Ole-Kristian Årset, Statens vegvesen
Komitéen kjem til Sandane lufthamn og startar rundreisa si i Loen måndag 14. mars. Turen derifrå går på rv. 15/E39 om Nordfjordeid og videre til Sandane og Skei tysdag 15. mars, før turen går vidare til Flesland utanfor Bergen og heildagsmøte der.
I samarbeid med Statens vegvesen inviterer transport- og kommunikasjonskomitéen til opne møter på Hotel Alexandra i Loen, Gloppen Hotell på Sandane, Skei hotell på Skei og Scandic Flesland Airport i Bergen. På møta vil representantar frå ulike samferdsle- og kommunikasjonsaktørar – fly, båt, tog, bane og veg – presentere prosjekt og planar for å betre framkomst og kommunikasjon i regionen. Fylkeskommunen, fleire regionråd og næringslivsaktørar vil og vise frem sine planar og peike på transportutfordringar i Vestland.
Komiteen inviterer til opne møter langs ruta:
Måndag 14. mars frå kl. 12.15 til kl. 15. 50 på Hotel Alexandra i Loen
Tysdag 15. mars frå kl. 08.00 til kl. 08.50 på Gloppen Hotell på Sandane
Tysdag 15. mars frå kl. 09.45 til kl. 12.10 på Skei Hotell på Skei
Onsdag 16. mars frå kl. 08.00 til kl. 15.00 på Scandic Flesland Airport i Bergen
(På Scandic Flesland Airport er det mogleg å kjøpe lunsj, denne bør ein bestille på førehand).
Pressemøte:
På Hotel Alexandra i Loen og på Scandic Flesland Airport er det sett av tid til at pressa kan møte komitémedlemmane.
Sjå vedlegg for utfyllande program med innhald og føredragshaldarar.