Større utbyting av rekkverk på riksveg 15

På strekninga Naustdalsstranda til Kjølsdalen er eit større arbeid i gang for utbyting av gamalt rekkverk, melder Fjordabladet (19.02.2021)

Foto: faksimile Fjordabladet

Prosjektleiar for Drift og vedlikehald i Statens vegvesen, Jan Bremer Remø, opplyser at arbeidet vil ta om lag seks veker, og arbeidet i Naustdalsstranda som tok til i veke 6, vil bli av- slutta i veke 7.

Det er litt under 4,5 km rekk- verk som skal bytast ut, av eit arbeidslag på fire mann og maskinar frå Arvid Gjerde AS i Innfjorden, som utfører arbeidet. I tillegg er det leigt inn ein mann med gravemaskin for å fjerne sjø før nedsetting av nytt rekkverk.

Held ikkje dagens standard

Remø fortel at rekkverket vert bytt ut fordi det er gamalt, og ikkje held dagens standard. På nokre plassar er det i tillegg for lågt, i tillegg til at endeavslutningane på dagens rekkverk er trafikkfarlege.

Arbeidet er i gang frå måndag til torsdag. Eine køyrebanen på arbeidsstaden er stengd, og trafikken er regulert med trafikklys, men det er kort ventetid, og bilistane slepp å vente så mange minuttar når dei passerer.