Statsbudsjettet 2022 – hovedtallene
Tabell 1.1 viser status for oppfølginga av Nasjonal transportplan 2022–2033 i budsjettforslaget for 2022. Gjennomsnittleg ramme for første del av planperioden er brukt som referanse.
Tabell 6.5 viser anslåtte virkninger av budsjett- forslaget for 2022 på indikatorer for infrastruktur-standard på riksveinettet. Det kan komme endringer gjennom budsjettåret som følge av framdrift i prosjekter og virksomhetenes prioriteringer.
Planlegges å åpne 55 km møtefri og trafikksikker vei i 2022
Hovudprioriteringar i budsjettet for 2022
Vegformål
Til vegformål er det i alt foreslått å løyve 39 984 mill. kr.
Det er foreslått 33 529 mill. kr til Statens vegvesen og 6 436 mill. kr til Nye Veier AS. I forslaget til Nye Veier AS inngår 500 mill. kr til planlegging og noko førebuande arbeid på Ringeriksbanen og E16 Skaret–Høgkastet–Hønefoss (Fellesprosjektet).
Det er foreslått 8 321 mill. kr til drift og vedlikehald av riksvegar over budsjettet til Statens vegvesen. I tillegg kjem midlar til drift og vedlikehald i det årlege bidraget til Nye Veier AS og til OPS- prosjekt. Til trafikant- og køyretøytilsyn er det foreslått 2 236 mill. kr.
Til investering i riksvegar er det i alt foreslått å løyve om lag 19,8 mrd. kr. Det er sett av 13,9 mrd. kr på Statens vegvesens investeringspostar, og 5,9 mrd. kr til Nye Veier AS, som i hovudsak driv utbyggingsaktivitet. I tillegg kjem om lag 11,3 mrd. kr i ekstern finansiering til riksveginves- teringar. Av dette er 10,9 mrd. kr bompengar og 0,4 mrd. kr tilskot og forskot.
Tilskotet til reduserte bomtakstar utanfor byområda blir foreslått løyvd med 1 042 mill. kr. Det er sett av 580 mill. kr til å vidareføre den opphavlege tilskotsordninga som blei innført som ein del av bompengereforma. Vidare vil 462 mill. kr gå til å redusere bompengar i prosjekta:
– rv. 7/rv. 13 Hardangerbrua i Vestland – E6 Fr ya–Sjoa i Innlandet
– E6 Kolomoen–Moelv i Innlandet.
Statens vegvesen legg i 2022 opp til å opne for trafikk desse vegprosjekta med kostnad over 1 mrd. kr:
– E16 Eggemoen–Jevnaker–Olum i Viken
– E39 Svegatjørn–Rådal i Vestland
– E39 Kristianborg–Bergen sentr um (Sykkelstamveien) i Vestland
– Rv. 5 Kjøsnesfjorden i Vestland
– E69 Skar vbergtunnelen i Troms og Finnmark.
Nye Veier AS vil i 2022 opne strekningane:
– E6 Kvål–Melhus i Trøndelag
– E39 Kristiansand Vest–Mandal Øst i Agder.
Det er lagt opp til å starte anleggsarbeid for desse vegprosjekta med kostnad over 1 mrd. kr:
– E18/E39 Gar tnerløkka–Kolsdalen i Agder
– E136 Breivika–Lerstad i Møre og Romsdal.
Forslag til kostnadsrammer går fram av Prop. 2 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepar tementet (driftskreditt til Nye Veier AS og kostnadsrammer) og revisjon av bom- pengepakke (fylkesveg).
Vidare er det lagt opp til anleggsstart for pro- sjektet E8 Sørbotn–Laukslett, jf. forslag om kost- nadsramme. Før Samferdselsdepar tementet frem- mer kostnadsramme til Stor tinget for oppstar t av store prosjekt, kan det vere nødvendig å bruke relativt store beløp til førebuande arbeid og grunn- er ver v. Det blir sett av midlar til dette for å sikre at fleire prosjekt i por teføljen i Nasjonal transpor t- plan 2022–2033 kan bli klare for anleggsstart. Dette gjeld:
– E6 Megården–Mørsvikbotn i Nordland
– E16 Hylland–Sleen i Vestland
– Fellesprosjektet Vossebanen/E16 Stanghelle–Arna i Vestland
– E134 Røldal–Seljestad i Vestland
– E134 Saggrenda–Elgsjø i Viken
– E134 Oslofjordforbindelsen, fase 2 i Viken.
Det er avtalt med Nye Veier AS utbyggingsaktivitet på ei rekkje strekningar. Det er foreløpig avtalt med Nye Veier AS planlegging og noko førebuande arbeid på Ringeriksbanen og E16 Skaret– Høgkastet–Hønefoss (Fellesprosjektet).
Med budsjettforslaget i 2022 vil det samla etterslepet i vedlikehaldet på riksvegnettet bli redusert med om lag 350 mill. kr. Dette gjeld hovudsakeleg utbetring av tunnelane på TENT- vegnettet.
På Statens vegvesens budsjett er det sett av om lag 800 mill. kr til byvekstavtalar. Midlane går i hovudsak til å byggje samanhengande sykkelvegnett og tiltak for betre framkome for kollektivtransporten.
Til riksvegferjedrifta er det foreslått å løyve 2 663 mill. kr. Frå og med 2022 er det foreslått å innføre bruttobudsjettering for riksvegferjedrifta.
Under tilskot til fylkesvegar blir det oppretta ei ny tilskotsordning til fylkesvegar som skal erstatte gjeldande ordning. Vedlikehald, fornying og utbetring skal prioriterast innanfor ordninga, og forstørring av bu- og arbeidsmarknadsregionar og viktige næringsvegar skal vere kriteria for fylkeskommunane sine prioriteringar.
For å følgje opp Barnas transportplan i Nasjonal transportplan 2022–2033 er det foreslått i alt 49 mill. kr. Av dette gjeld 40 mill. kr ei ny tilskotsordning for tryggare skulevegar og nærmiljø.
Det er foreslått å løyve 19,2 mill. kr til Vegtilsynet.