Statsbudsjettet 2021: 80 milliarder kroner til samferdsel
Trafikksikkerhet
Regjeringens innsats for økt trafikksikkerhet gjenspeiles i et bredt spekter av tiltak. Utbygging, utbedring og drift av veiene samt reduksjon av vedlikeholdsetterslepet gjør veiene tryggere. I tillegg kommer bevilgningene til trafikant- og kjøretøytilsyn.
De målrettede programområdemidlene til trafikksikkerhetstiltak vil i hovedsak gå til tiltak for å forhindre de alvorligste ulykkene som møteulykker og utforkjøringsulykker: midtrekkverk, utbedring av terrenget langs veien, veibelysning, kurve- og kryssutbedringer, rekkverk og rumlefelt.
Regjeringen foreslår å bevilge 69,1 millioner kroner til trafikksikkerhetsformål og lignende, blant annet
- 55 millioner kroner til Trygg Trafikk
- 3,55 millioner kroner til Syklistenes Landsforening
- 2,5 millioner kroner til ITS Norge
- 500 000 kroner i tilskudd til Transportøkonomisk institutt for å revidere Trafikksikkerhetshåndboken
- 4 millioner kroner til tilskuddsordningen for lokale trafikksikkerhetstiltak
- 1 million kroner til prisen Årets trafikksikkerhetskommune
Trygg, effektiv og framtidsretta vegtransport
– Eit viktig arbeid i 2021 vil vere å halde Noreg på beina gjennom koronakrisa. Eitt av tiltaka er å vidareføre satsinga på vegutbygging som denne regjeringa har starta. Neste år finn vi midlar til å vidareføre satsinga på vedlikehald og til at fleire nye vegstrekningar kan starte opp. Det bidrar til arbeidsplassar, tryggare vegar og betre framkome over heile landet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
I statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa å løyve om lag 36,3 milliardar kroner til vegformål. 5,8 milliardar kroner av dette går til selskapet Nye Veier AS.
– Løyvinga til vegformål er framleis formidabelt høg. Vegane i Noreg er livsnerven i samfunnet vårt. Dei held hjula i gang, både for vanlege folk og næringslivet. Derfor skal vi vedlikehalde og fornye dei vegane vi har, men vi set òg i gang nye prosjekt, seier Hareide.
Fleire nye vegstrekningar kan starte utbygginga
Fem prosjekt hos Statens vegvesen kan få oppstart i løpet av 2021:
- – E18 Lysaker – Ramstadsletta i Viken fylke
- – E39 Myrmel – Lunde i Vestland fylke
- – E39 Lønset – Hjelset i Møre og Romsdal fylke
- – E39 Ørskogfjellet, krabbefelt i Møre og Romsdal fylke
- – Rv. 4 Roa – Gran grense inkludert Jaren-Lygnebakken i fylka Innlandet og Viken
– I disse fem store prosjekta har vi sett av midlar til førebuande arbeid som gjer det mogleg med byggestart i 2021, om alt går etter planen. Vi legg òg til rette for byggestart for prosjektet rv. 509 Sør-Tjora–Kontinentalvegen (Transportkorridor vest) i Rogaland fylke. Dette prosjektet er fullfinansiert med bompengar gjennom Bymiljøpakken, seier Hareide.
I porteføljen til Nye Veier kan følgjande prosjekt få oppstart i 2021:
E6 Kvænangsfjellet i Troms og Finnmark, E6 Kvithammer-Åsen og E6 Ulsberg-Vindåsliene i Trøndelag, E6 Moelv-Roterud, E6 Roterud-Storhove og E6 Storhove-Øyer i Innlandet og E39 Herdal-Røyskår i Agder.
I tillegg set regjeringa av midlar til førebuande arbeid på følgjande strekningar: E8 Sørbotn – Laukslett i Troms og Finnmark fylke, E10/rv. 85 Hålogalandsveien i Nordland og Troms og Finnmark fylker og rv. 555 Sotrasambandet i Vestland fylke.
Vedlikehaldsetterslepet blir redusert
– Denne regjeringa har sytt for å redusere vedlikehaldsetterslepet, for første gong på mange tiår. Det held vi fram med i 2021. Neste år blir reduksjonen på om lag 1,5 milliardar kroner. Det er vi godt nøgde med. Vi må ta vare på det vi allereie har. I ein del tilfelle er vedlikehaldsutbetringar vel så gode løysingar som ny veg, seier samferdselsministeren.
Nullvisjonen om at ingen skal omkomme eller bli hardt skadd er ein sentral del av arbeidet i vegsektoren.
– Trafikktryggleik er viktig for oss. Pengar til målretta trafikktryggleikstiltak, utbetringsstrekningar, nye investeringar, trafikant- og køyretøytiltak og drift og vedlikehald skal saman bidra til auka trafikktryggleik. Folk skal oppleve at det er trygt å køyre på norske vegar. Det må vi jobbe for, seier Hareide.
100 millionar kroner til fylkesvegar
Fylka er ansvarlege for fylkesvegane og finansierer i hovudsak utgifter til desse vegane. Regjeringa foreslår i tillegg 100 millionar kroner til tilskotsordninga til fylkesvegar som er viktige for næringstransporten.
– Vi følgjer opp med pengar til den tilskotsordninga vi oppretta i fjor. Sjølv om fylkesvegane er fylkeskommunane sitt ansvar, har ein del av desse vegane mykje næringstransport som er viktig for heile Noreg. Gjennom denne tilskotsordninga kan fylkeskommunar søkje om pengar til å utbetre slike viktige vegar. Dette kjem heile landet til gode, seier samferdselsministeren.
Reduserte bompengar
Regjeringa foreslår 1 435 millionar kroner til tilskot til reduserte bomtakstar utanfor byområda. Dette er ei vidareføring av nivået i saldert budsjett 2020. Det er sett av 376,5 millionar kroner til å redusere bompengar i følgjande prosjekt:
– E18 Arendal–Tvedestrand i Agder
– Rv. 3/rv. 25 Ommangsvollen–Grundset/Basthjørnet i Innlandet.
– I tillegg har om lag 40 prosjekt fått lovnad om tilskot i 2021. Samferdselsdepartementet vil betale ned bompengegjeld, redusere bompengetakstar og fjerne bom på sideveg i fleire prosjekt, seier samferdselsministeren.
Forbetra ferjetilbod
Til riksvegferjedrifta er det foreslått å løyve om lag 1,6 milliardar kroner. Rutetilbodet blir i stor grad vidareført frå 2020. Det blir auka frekvens og kapasitet ved oppstart av nye ferjekontraktar i drift av E39 Molde–Vestnes og E39 Halsa–Kanestraum. Mot slutten av 2021 skal den første hydrogenelektriske ferja i verda setjast inn på ferjesambandet rv. 13 Hjelmeland–Nesvik–Skipavik i Rogaland.
Sterk satsing på miljøvenleg transport i byområda
– God byutvikling og meir miljøvenleg transport er med på å skape ei grønare framtid. Byane våre veks, og regjeringa held difor fram den stadig viktigare satsinga på kollektivtransport og infrastruktur for å sykle og gå, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
I framlegget til statsbudsjett går regjeringa inn for å bruke 6,5 milliardar kroner til å følgje opp byvekstavtalane og belønningsavtalane. Den allereie sterke satsinga på miljøvenleg transport i dei store byområda aukar med nær 20 prosent, samanlikna med 2020-budsjettet.
– Det skal bli enklare å velje grøn transport i kvardagen. Veksten i persontransporten skal skje med kollektivtransport, sykling og gonge, og effektiv arealbruk blir endå viktigare. Slik får vi saman ned utsleppet av klimagassar, vi fjernar kø og vi reduserer støy og lokal luftforureining. Vi føljer opp bompengeavtalen frå 2019, og med pengar til reduserte bompengar, betre kollektivtilbod og reduserte billettprisar i kollektivtransporten er dette eit godt budsjett både for bilistar og andre reisande, seier Hareide.
Oslo, Bergen, Trondheim og Nord-Jæren
Av budsjettframlegget går det fram at regjeringa vil setje av 6 milliardar kroner til å følgje opp byvekstavtalar i Osloområdet, Bergensområdet, Trondheimsområdet og Nord-Jæren.
Til store kollektivprosjekt er midlane foreslått brukt slik: 890 millionar kroner til Fornebubanen i Oslo og Viken, 890 millionar kroner til Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen, 140 millionar kroner til Metrobussen i Trondheim og 710 millionar kroner til Bussveien på Nord-Jæren.
Regjeringa har sett av nær 1 milliard kroner for å auke det statlege bidraget i desse fire store kollektivprosjekta og i ny T-banetunnel i Oslo til 66 prosent. Denne auken er i tråd med bompengeavtalen frå 2019. Som del av oppfølginga av bompengeavtalen er det også sett av 200 millionar kroner til reduserte billettprisar i kollektivtransporten i dei fire største byområda, og 52 millionar kroner for å godtgjere inntektstapet etter fjerning av rushtidsavgifta på Nord-Jæren.
Det blir også foreslått 1 milliard kroner til gang- og sykkelvegar og kollektivtiltak langs riksvegane i desse byområda, og 1,2 milliardar kroner til belønningsmidlar som mellom anna kan gå til drift av lokal kollektivtransport. Det blir sett av midlar til planlegging av mindre tiltak og arealavklaringar for jernbanen på Nord-Jæren.
I framlegget til budsjett er det sett av pengar til førebuande arbeid og mogleg anleggsstart for ny E18 Lysaker – Ramstadsletta i Viken. Det vil også vere mogleg med førebuande arbeid og eventuelt anleggsstart for rv. 509 Sør-Tjora – Kontinentalvegen i Rogaland. Prosjektet er finansiert fullt ut med bompengar.
Kristiansand, Buskerudbyen, Grenland, Nedre Glomma og Tromsø
Regjeringa følgjer i framlegget til statsbudsjett opp belønningsavtalane i Kristiansand, Buskerudbyen, Nedre Glomma og Tromsø. Det er sett av 100 millionar kroner i tilskot til reduserte billettprisar i kollektivtransporten, slik bompengeavtalen frå 2019 legg opp til. I budsjettframlegget heiter det at Grenland, som no er inne i det siste året av den gjeldande avtalen, kan søke om ny belønningsavtale frå 2021. Det er samla sett av nær ein halv milliard kroner til desse satsingane.
Regjeringen foreslår penger til E6 på Helgeland
– Vi sørger for at utbyggingen av E6 gjennom Helgeland forsetter i årene som kommer. I budsjettet legger vi opp til at utbyggingen av strekningen Svenningelv bru – Lien, forbi Trofors, kan starte neste år. Dette kommer folk og næringsliv lokalt, regionalt og nasjonalt til gode, sier statssekretær Ingelin Noresjø (KrF).
Delstrekningen Svenningelv bru – Lien er den siste i delprosjektet Kapskarmo – Brattåsen – Lien. Dette er et av to delprosjekt i E6 Helgeland sør. Det andre delprosjektet, vegutviklingskontrakten, skal være ferdig bygget ut i november 2020.
På grunn av kostnadsøkninger i begge delprosjektene, foreslår regjeringen å øke kostnadsrammen for E6 Helgeland sør med 450 millioner kroner. Den nye kostnadsrammen dekker dermed hele delstrekningen Kapskarmo – Brattåsen – Lien, og vegutviklingskontrakten. Det vil si hele det opprinnelige prosjektet E6 Helgeland sør, med unntak av de to opsjonsparsellene som ble tatt ut av kontrakten på grunn av kostnadsøkninger.
– Ved å øke kostnadsrammen, sørger vi for at den siste delstrekningen kan starte opp. Dette er en veldig viktig sak for Nordland, og vi er glade for at vi kan videreføre den jobben vi har startet, sier Noresjø.