Statsbudsjettet 2020

Regjeringa foreslår å løyve 75,4 mrd. kr til Samferdselsdpartementet.

Korrigert for ansvarsendringar inneber budsjettforslaget ein auke på vel 4 mrd. kr frå saldert budsjett 2019

Til Nasjonal transportplan er det foreslått om lag 69,3 mrd. kr, ein auke på 2,9 mrd. 2020-kroner frå 2019. Auka tilskot for å redusere bompengetakstar utanfor byområda og storbytiltak er dei områda som blir styrkt mest.

I tråd med regjeringspartia sin bompengeavtale er det foreslått totalt 5,4 mrd. kr til tiltak for kollektivtransport, sykling og gange og reduserte bompengar i dei ni største byområda, ein auke på 1,7 mrd. kr eller over 45 pst. frå saldert budsjett 2019. Dette omfattar statleg bidrag til bymiljø-, byvekst- og belønningsavtalar og tilskot til reduserte billettprisar i dei store byane.

Trygge og gode vegar er ein føresetnad for å få det til, seier Regjeringa i forslag til Statsbudsjett.

I 2020 skal vi fortsette å satse stort på veg. Vi skal opne mye ny veg, blant anna 55 kilometer firefelts motorveg, samstundes som vi skal vedlikehalde vegane vi allereie har. I budsjettforslaget sett vi òg av 100 millionar kroner til ei ny tilskotsordning for utbetring av fylkesvegar som er viktige for næringstransporten

Riksveginvesteringane, inkl. Nye Veier AS, blir foreslått auka med nærmare 850 mill. kr frå 2019. Regjeringa foreslår 100 mill. kr til eit nytt tilskot til fylkesvegar som er særleg viktige for næringslivet. Det er sett av 2,5 mrd. kr til å oppgradere tunnelar. Samla vedlikehaldsetterslep på veg er i 2020 rekna å falle med 700 mill. kr.

Vegformål
Til Vegformål er det i alt foreslått å løyve om lag 38 mrd. kr.

Det er foreslått

  • 32,4 mrd. kr til Statens vegvesen og
  • 5,6 mrd. kr til Nye Veier AS.

Det er foreslått om lag 6,4 mrd. kr til drift og vedlikehald av riksvegar. Til trafikant- og køyretøytilsyn er det foreslått om lag 2,2 mrd. kr.

Til investering i riksvegar er det i alt foreslått å løyve om lag 20 mrd. kr. Det er sett av 14,4 mrd. kr på Statens vegvesens investeringspostar, og 5,6 mrd. kr til Nye Veier AS, som i hovudsak driver utbyggingsaktivitet. I tillegg kjem nærmare 0,5 mrd. kr til OPS-prosjektet på rv. 3/rv. 25 Ommangsvollen–Grundset/Basthjørnet i Innlandet.

Det blir foreslått å auke tilskotet til reduserte bomtakstar utanfor byområda til 1,4 mrd. kr, ein auke på nærmare 870 mill. kr frå saldert budsjett 2019. Auken er foreslått brukt til å nedbetale bompengegjeld i desse prosjekta:

  • E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen i Møre og Romsdal
  • E18 Arendal–Tvedestrand i Agder
  • rv. 13 Hardangerbrua i Vestland
  • E6 Hålogalandsbrua i Nordland.

For E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen er det lagt til grunn at innkrevjinga i bomstasjonen ved Vågstrandstunnelen skal opphøyre. For dei andre prosjekta vil ei slik ekstraordinær nedbetaling gi rom for betydelege takstreduksjonar

Det blir sett av om lag 7,1 mrd. kr til store prosjekt over Statens vegvesens budsjett.

Desse prosjekta med kostnad over 200 mill. kr er venta opna for trafikk i 2020:

  • E39 Eiganestunnelen i Rogaland
  • Rv. 13 Ryfast (Hundvågtunnelen) i Rogaland
  • E18 Varoddbrua i Agder
  • E134 Damåsen–Saggrenda i Viken
  • E6 Vindåsliene–Korporalsbrua i Trøndelag
  • E6 Tana bru i Troms og Finnmark
  • to delparseller på E6 Kolomoen–Moelv i Innlandet.

Det er sett av midlar til førebuande arbeid på desse prosjekta:

  • E18 Retvet–Vinterbro i Viken
  • rv. 4 Roa–Gran grense i Innlandet
  • E18 Lysaker–Ramstadsletta i Viken
  • E8 Sørbotn–Laukslett i Troms og Finnmark
  • rv. 555 Sotrasambandet i Vestland (OPS-prosjekt)
  • E10/rv. 85 Tjeldsund–Gullesfjordbotn–Langvassbukt i Nordland og Troms og Finnmark (OPS-prosjekt).
  • Vidare er det sett av midlar til førebuande arbeid og ev. anleggsstart for følgende prosjekter:
  • E39 Myrmel–Lunde i Vestland
  • E39 Ørskogfjellet, krabbefelt i Møre og Romsdal
  • E6 Ballangen sentrum i Nordland
  • E16 Kvamkleiva i Innlandet (skredsikringsprosjekt).

Med budsjettforslaget på kap. 1320, post 22 og post 30 vil det samla etterslepet i vedlikehaldet på riksvegnettet bli redusert med om lag 700 mill. kr i 2020. Det er rekna at vedlikehaldsetterslepet på tunnelar på riksvegnettet blir redusert med om lag 2,1 mrd. kr.

Skredsikring er viktig for gjere vegane meir pålitelege og trygge. Det er foreslått å løyve om lag 1,1 mrd. kr til skredsikring på riksvegar.

Tilskotet til skredsikring på fylkesvegar blir innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane frå 2020.

På Statens vegvesens budsjett blir det sett av 700 mill. kr til bymiljø- og byvekstavtalar. Midlane vil i hovudsak blir brukte til å etablere samanhengande sykkelvegnett og kollektivtrafikktiltak i byar som har inngått bymiljø-/byvekstavtalar. Vidare er det sett av 200 mill. kr til tiltak for gåande og syklande på riksvegnettet utanfor desse områda. Tilskotet til gang- og sykkelvegar på det kommunale og fylkeskommunale vegnettet blir innlemma i rammetilskotet frå 2020.

  • Til trafikktryggleikstiltak er det sett av 600 mill. kr.
  • Til riksvegferjedrifta er det foreslått å løyve om lag 1,5 mrd. kr.
  • Det er foreslått 100 mill. kr til ei ny tilskuddsordning til fylkesveger som er viktige for næringstransport.
  • Det er foreslått å løyve 19,2 mill. kr til Vegtilsynet.

Post 71 Tilskudd til trafikksikkerhetsformål
Det foreslås bevilget 69 mill. kr som er en nominell videreføring av tilskuddene for 2019.
Bevilgningen for 2020 foreslås fordelt med

  • 55 mill. kr til Trygg Trafikk.
  • 3,55 mill. kr til Syklistenes Landsforening,
  • 2,5 mill. kr til ITS Norge,
  • 1,5 mill. kr til Norsk elbilforening,
  • 1 mill. kr til Norsk Hydrogenforum og
  • 450 000 kr til Transportøkonomisk institutt for revisjon av «Trafikksikkerhetshåndboken».
  • Videre foreslås det 4 mill. kr til tilskuddsordningen for lokale trafikksikkerhetstiltak og 1 mill. kr til prisen «Årets trafikksikkerhetskommune».