Statens vegvesen lyser ut kontraktar for nye rekkverk på riksvegar i Vestland.
Det er snakk om to kontraktar. 3. mai er det frist for å levera tilbod på ein kontrakt på stålrekkverk i gamle Hordaland.
Illustrasjonsfoto over: Vegbilder. Det skal monterast nytt stålrekkverk på E39 mellom Søfteland (biletet) og Sandven ved Kalandsvatnet.
– Det er 15 kilometer nytt rekkverk som skal opp. 30 prosent skal gjerast i år, 70 prosent neste år. Mesteparten i år blir på E39, i grenseområdet mellom Bergen og Bjørnafjorden kommunar, mellom Sandven (ved Kalandsvatnet) og Søfteland, seier byggeleiar Jan Bremer Remø i Statens vegvesen.
Det er mest snakk om erstatning av gammalt rekkverk. Nokre plasser blir det sett opp rekkverk der det ikkje har vore tidlegare.
9. mai er det frist for å levera på en tilsvarande kontrakt i gamle Sogn og Fjordane. Også her er det snakk om 15 kilometer, der 30 prosent skal gjerast i år og 70 neste år. I år blir truleg område i Nordfjord prioritert.
Difor gjer Statens vegvesen dette
Det er fleire årsaker til at Statens vegvesen set opp nytt rekkverk.
– Eksisterande rekkverk kan vera gammalt og slite. Det kan vera ulike grunnar til at det ikkje tilfredsstiller dagens krav. Og det kan vera plassar det ikkje står rekkverk i dag, som det bør vera rekkverk på, seier Remø.
Slik påverkar arbeida trafikken
Arbeida for Sogn og Fjordane-kontrakten vil stort sett føregå på dagtid.
Trafikkavviklinga i samband med stålrekkverk-arbeida vil stort skje i form av trafikklys, og det vil ikkje verta lang ventetid.
For Hordalands-kontrakten vil det i stor grad verta nattarbeid. Dette fordi vegstrekninga som skal asfalterast, har høg trafikk, rundt 13.000 køyretøy i døgnet. Det er dette som kallast årsdøgntrafikk (ÅDT). Nærare 1700 av desse (13 prosent) er lange køyretøy.
Ta vare på det vi har
For å få oversikta over vegarbeid før ein skal ut og køyra, vert bilistar oppmoda til å sjekka trafikkmeldingane på 175.no. Her finst det til ei kvar tid oppdatert oversikt over nosituasjonen på norske vegar.
– Me har forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for bilistane, men då er det viktig å minna om at me gjer det for dei; for å vareta trafikktryggleiken også i framtida. Vegdrift handlar ikkje berre om å byggja nytt, men også om å ta vare på det vi har, og gode rekkverk er ein del av dette, legg Remø til.