Turistvegattraksjon opnar i Hardanger
Onsdag 31. august 2022 opnar Statens vegvesen Espenes rasteplass med utsiktspaviljong og toalett. I det mektige Hardangerlandskapet har Nasjonale turistvegar skapt eit unikt turistveganlegg med utsikt nordover Sørfjorden. Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland står for den offisielle opninga.
Foto over: Espenes rasteplass. Foto Frid-Jorunn Stabell
Espenes er eit flott stopp mellom Kinsarvik og Odda med lang tradisjon som rasteplass langs riksveg 13 i Sørfjorden. Den gamle rasteplassen var riggområde då riksvegen blei utbetra, men blei ståande att som ei stor grusflate i det elles så bratte landskapet. Her har Statens vegvesen bygd ein ny moderne rasteplass i attraksjonen Nasjonale turistvegar.
Anlegget sitt særpreg er ein 64 meter lang og 4 meter brei konstruksjon i rustfritt stål med 12 takmodular med varierande høgde. Takkonstruksjonen blir halden oppe av massive stålsøyler og er fundamentert på ei botnplate av betong. Dei samansveisa stålplatene er 6 mm tjukke og veg til saman 31 tonn
Den høgste delen nærmast vegen inneheld toalett, mens rasteplassar under den lågare takkonstruksjonen tilbyr god utsikt nordover Sørfjorden. Under takkvelvane opplever den besøkande forskjellige utsnitt av landskapsrommet saman med lyset sine skiftande refleksjonar i stålet.
-Espenes som turistveginstallasjon tilbyr no dei vegfarande ein velgjerande pause mellom bratte fjell, steile knausar og med fjorden som naturleg blikkfang og følgjesvenn, seier Bjarne Ringstad i Code arkitektur.
Planen var at anlegget skulle stå ferdig hausten 2021. Slik gjekk det ikkje. Ein pandemi, forsinka leveranse av stål og ruskever på Vestlandet var utfordringar som sto i kø for det nye signalbygget på Espenes. Nå er turistvegattraksjonen endeleg på plass til ein total kostnad på 40 mill. kroner, finansiert av den statlege løyvinga til attraksjonen Nasjonale turistvegar.
Opninga av Espenes rasteplass skjer onsdag 31. august kl. 13.00.
Frå programmet: om arkitekturen, om byggeprosessen, om betydninga av Nasjonale turistvegar for kommunen og for reiselivet. Kultur og servering.
Byggherre: Statens Vegvesen, Nasjonale turistvegar / Arkitekt: Code Arkitektur AS / Entreprenør: Brun Bygg AS / Stålentreprenør: Størksen Rustfri Industri AS
Nasjonale turistvegar er 18 utvalde vegstrekningar som går gjennom landskap med unike naturkvalitetar, langs kyst og fjord, fjell og foss. Installasjonar langs strekningane i moderne design legg til rette for naturopplevingane, samtidig som arkitekturen er ein attraksjon i seg sjølv. Kunsten langs vegane skal forsterke eigenarten til strekningane og fortelje andre tankevekkjande historier. Turistvegsatsinga til Statens vegvesen bidrar til auka verdiskaping i distrikta og blir omtala internasjonalt. www.nasjonaleturistveger.no