Søker om 144 millionar koronakroner til fylkesvegen

Vestfold og Telemark fylkeskommune bed Samferdselsdepartementet løyve opptil 144 millionar kroner som koronatiltak på fylkesveg 355 som går frå Tjønnefoss til Fyresdal og vidare til Krossli. Strekninga er på totalt 67,8 kilometer, i følge Vest Telemark avis (08.01.2021)

Det er fylkesordførar Terje Riis- Johansen (Sp) som har skrive under på søknaden som er på heile 29 sider med mellom anna god fotodokumentasjon på den elendige tilstanden på ulike strekningar.

Det er ført opp totalt 144 millionar kroner i kostnader fordelt på fire delprosjekt.

  1. Det eine er rekna til 16 millionar kroner, og gjeld mindre forarbeid som grøfting og fjellsprenging og asfaltering av 6,3 kilometer veg.

2. Det andre delprosjektet har ein kostnad på 95 millionar kroner til 27 kilometer veg der det fyrst skjer omfattande for- arbeid før asfaltering. Tiltak vil vere masseutskifting og dreneringsarbeid og å etablere ny overbygning (vegkropp) med eigna masser.

3. Så er det ført opp 20 millionar kroner til fjellsikring. «Det er strekningar som har stort behov for fjellsikring. Synfaringar viser grunn til bekymring då vêr og vind har hatt ein akselerande effekt på erosjon, forvitring og oppsprekking i desse fjellpartia», står det i søknaden.

På enkelte trekninger er rekkverket direkte trafikkfarlig. Illustrasjonsfoto: TSF

4. Siste delprosjektet har ein pris på 13 millionar kroner til rekkverk. «På enkelte strekningar er rekkverket i ein slik tilstand at det kan vere direkte trafikkfarleg», blir det opplyst til departementet.