Skifter ut rekkverk langs Rv. 9

Verksemda Trygg Vei AS frå Drammen er i sving med å skifte ut låge og eldre rekkverk langs riksveg 9 sør for Ose i Bygland, skriv avisa Setesdølen. (10.02.2021)

Det er ljosregulering på riksveg 9 sør for Ose i Bygland no om dagen på grunn av arbeid med rekkverka langs vegen.

Ein del av rekkverka er for låge, og må skiftast ut med litt høgare. Så er ein del av rekkverka så gamle at dei bare av den grunn skal skiftast ut, seier senioringeniør i Statens vegvesen, Sigurd Wiberg, til Setesdølen.