Samferdselsministeren med første spadetak for Sotrasambandet

Onsdag 22. mars markerte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård prosjektstart for Rv. 555 Sotrasambandet. – Sotrasambandet skal sikre auka framkomme, og vil være med på å styrke Øygardens rolle for både regionale og nasjonale næringsinteresse. Sotrasambandet vil også knytte Bergensregionen nærare saman, seier Nygård.

Utviklinga av fastlandssambandet mellom Øygarden og Bergen vil være viktig for å sikre gode og effektive bu- og arbeidsmarknadsregionar. Prosjektet vil, når det er ferdig, styrke ein sårbar del av transportsystemet for landfast tilkomst for folk i Øygarden til hovudvegnettet og videre til annan transport.

I prosjektet skal det byggjast 9,4 kilometer veg, der om lag 4,6 vil gå gjennom tunnel. Prosjektet inkludera totalt fire nye bruer. Det er også planlagt 14 kilometer med gang- og sykkelveg.

Det første spadestikket for Sotrasambandet vart gjennomført i dag i form av ei sprengsalve. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård fekk æra av å utløysa den første salva. Foto: Kristoffer Rød-Lindberg, Samferdselsdepartementet

– Sotrasambandet er eit stort og viktig vegprosjekt for Bergensregionen, som vil gi betre framkomelegheit for bilistar, kollektivtrafikk, og for gåande og syklande, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Det ljoma godt i store delar av Øygarden i dag då Vegvesenet markerte den offisielle starten på Rv. 555 Sotrasambandet med ei sprengsalve i det som skal bli den nye Kolltveittunnelen.

Store forventningar i Øygarden kommune

Det er store forventningar til prosjektet og særleg er Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik entusiastisk rundt det potensialet den nye vegen utløyser for kommunen.

Prosjektet inkluderer ny firefelts bru på om lag 900 meter, med separat gang- og sykkelveg (Illustrasjon: Baezeni).

– Vi har venta på dette sambandet i mange år. Det har vore førebuande arbeid med Sotrasambandet ei stund, og gravemaskinane er i sving. No gler vi oss stort over at arbeidet med sambandet bokstaveleg talt skyt fart. Realisering av Sotrasambandet er heilt avgjerande for å utvikla vekstkommunen Øygarden, seier ordførar Tom Georg Indrevik som takkar alle som har fått dette på plass. 

OPS-selskapet Sotra Link AS er allereie i gang med arbeid fleire stader på strekninga. Utover våren blir det mykje folk i arbeid på anlegget som skal stå ferdig i 2027. I dag vart arbeidet offisielt starta.

Animasjonsfilm som viser ny rv. 555 fra Kolltveit i Øygarden til Storavatnet i Bergen. Norsk tale. Tekstet på engelsk.