Reisande svært begeistra for ny bussterminal
– Det er kult å ta bussen og reise kollektivt. Dette er ei etterlengta fornying, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis. Den nye Fyllingsdalen terminal er opna. Den har rundt 1200 reisande i snitt i morgonrushet.
Foto over: ETTERLENGTA: Den nye bussterminalen i Fyllingsdalen har rundt 1200 reisande i morgonrushet. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
Den nye busstermalen ved Oasen er meir enn dobbelt så stor som den gamle og ligg like ved det nye bybanestoppet som opnar om knappe to månader. Den nye terminalen vart feira med utdeling av bollar og informasjon til alle reisande. Til stades var mellom anna byråd Thor Haakon Bakke, Skyssdirektør Målfrid Vik Sønstabø og fylkesvaraordføraren.
Urban utforming
– Dette er ein kjempestor dag for Fyllingsdalen. Tilbakemeldingane frå dei reisande er at dei er svært begeistra. Terminalen har urban arkitektur og utforming som bybanestoppa. Eg håpar at den skal gjere det lettare å reise saumlaust når Bybanen opnar. Då blir det hyppigare frekvens, lettare å kome til sentrum og på tvers til Haukeland, seier Golis.
Ny sykkeltunnel
Den nye terminalen hadde byggestart i mars i fjor.
– Ein slik terminal skal bidra til at folk ikkje berre reiser kollektivt, men skal bruke sykkel og gange for å kome hit. Mange gler seg til å sykle gjennom den nye sykkeltunnelen, seier fylkesvaraordføraren.
Omlegging
I haust vil det bli ein omlegging av delar av kollektivtrafikken i Bergen som følgje av Bybanen til Fyllingsdalen og ny E39 sørover frå Sørås til Svegatjørn.
– Kanskje må nokon reisande bytte kollektivtransport, men vi opererer med stamlinjer som går oftare og gjer det lettare å bytte, seier fylkesvaraordføraren.
65 millionar kroner
Den nye terminalen har kosta 65 millionar kroner og inngår i byggekostnaden for bybane til Fyllingsdalen. Bussterminalen har plass til åtte bussar, der fire av desse kan være leddbussar. Terminalen har også oppstillingsplass for bussar utanfor rute.
Meir attraktiv som reisemål
I tillegg til ny bussterminal og bybane, blir det ein stor drosjehaldeplass rett ved, med plass til inntil 12 drosjer. Bergen kommune skal bygge kulturhus like ved terminalen, og Oasen handlesenter skal få fleire etasjar og ny fasade.
– Eg er veldig stolt over at vi er med og driv byutvikling og utviklar bydelen. Fyllingsdalen kjem til å bli meir attraktiv som reisemål og vil få ny oppblomstring, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis.