
Regjeringen: – Satsinga på drift og vedlikehald av riksvegane held fram
Regjeringa foreslår til saman 50,4 milliardar kroner til vegformål i forslaget til Statsbudsjettet for 2026.
Regjeringa prioriterer framleis eit høgt nivå på drift og vedlikehald av riksvegnettet og foreslår å løyve 11,4 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegnettet i 2026. Dette legg til rette for eit trygt vegnett med god framkome i heile landet, sies det i pressemeldingen fra Samferdselsdepartementet.
Foto over: istockphoto.
– Vi følgjer opp lovnadene i Nasjonal transportplan 2025–2036 ved å vidareføre og styrke det høge nivået til drift og vedlikehald på riksveg frå 2025. For at vi skal ha eit godt, sikkert og fungerande vegnett og for at vegane skal kunne bli brukt trygt i mange år, er godt vedlikehald avgjerande, seier Jon-Ivar Nygård. Samferdselsminister.
24,4 milliardar kroner skal gå til investeringar på riksvegane, noko som vil gi rasjonell framdrift i igangsette prosjekt. Det er lagt opp til anleggsstart for andre byggetrinn av E134 Oslofjordforbindelsen i Akershus, E45 Kløfta i Finnmark og Fellesprosjektet Vossebanen/E16 Arna–Stanghelle i Vestland. I tillegg blir det prioritert i 2026 for E39 Figgjo–Ålgård i Rogaland.