Regjeringa foreslår 480,5 millioner kroner meir til fylkesveg enn i 2024

Regjeringa foreslår 480,5 millioner kroner meir til fylkesveg enn i 2024. Dette er ein auke på 11,4 prosent frå 2024-budsjettet.

– Dette er eit løft for fylkesvegane. Fylkesvegnettet utgjer ein stor del av vegnettet for persontransport og næringsliv over heile landet, og den auka satsinga vil gjera fylkeskommunane betre i stand til å ta vare på det dei har. Dette er ei satsing som vil komma mange til gode, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

– I Nasjonal transportplan varsla vi ei opptrapping til fylkesveg. Trygge og gode vegar er avgjerande for å sikre busetting og verdiskaping på små og store stader i heile landet. Det er viktig at vi allereie i budsjettet for 2025 gir meir midlar til fylkene for å møte det store behovet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Auken i budsjettet er i tråd med Nasjonal transportplan for 2025–2036, som legg opp til eit kraftig løft for fylkesveg. Slik fordeler pengane seg i budsjettforslaget frå regjeringa:

  • Den største delen av auken går til opprusting og fornying av fylkesvegar i fylkeskommunane sine frie inntekter.
  • Regjeringa foreslår å løyva 50 millionar kroner til ei ny øyremerkt tilskotsordning for å rusta opp 14 fylkeskommunale bruer som er kritiske for militær mobilitet. 
    Sjå også eiga pressemelding

I tillegg til auken på 480,5 millionar kroner er det óg lagt inn auke i desse ordningane i budsjettforslaget:

  • Regjeringa legg for 2025 til grunn rentekompensasjon på 4,0 prosent, og rentekompensasjonsordninga for transporttiltak i fylka auker med 74,7 millionar kroner.
  • Regjeringa foreslår å løyva 40 millionar kroner til tilskotsordninga til tryggare skulevegar og nærmiljø. Det er ein auke med 16,4 millionar kroner frå inneverande år og inneber at vi allereie i 2025 er oppe på det årlege, gjennomsnittlege nivået som er føresett i Nasjonal transportplan 2025–2036.

Regjeringa foreslår å avvikle det øyremerkte tilskotet til vedlikehald av fylkesvegar på Samferdselsdepartementets budsjett og overføre pengane til rammetilskotet til fylkeskommunane. Fordelinga mellom fylkeskommunane vert den same, men endringa reduserer administrative kostnadar både for fylkeskommunane og staten. Auken i midlar til fylkeskommunane kjem i tillegg til denne endringa.

Fylkeskommunane finansierer i hovudsak fylkesvegane med sine frie inntekter. I 2023 brukte fylkeskommunane om lag 24,4 milliardar kroner til drift, vedlikehald og investering i fylkesveg. 

Fylkesvei i 2025-budsjettet:

   i 1 000 kr
 Saldert budsjett for 2024Forslag 2025Endring
Post 61 Rentekompensasjon for transporttiltak i fylkene376 000450 70074 700
Post 64 Utbedring på fylkesveier for tømmertransport22 4001 500-20 900
Post 65 Tilskudd til fylkesveier415 300 -415 300
Post 67 Militær mobilitet på fylkesveier– 50 00050 000
Sum Kap. 1320 Statens vegvesen, fylkesveiformål i Nasjonal transportplan813 700502 200-311 500
Tabell C: Opprusting og fornying av fylkesvegnettet1 751 9962 555 325803 329
Tabell C: Kompensasjon for forskrift om tunnelsikkerhet604 352629 13024 778
Tabell C: Ras- og skredsikring fylkesveg941 816980 43038 614
Sum Rammetilskudd til fylkeskommuner, Tabell C, fylkesveiformål i Nasjonal transportplan3 298 1644 164 886866 722
Sum fylkesveiformål i Nasjonal transportplan4 111 8644 667 086555 222
Sum fylkesveiformål i Nasjonal transportplan, ekskl. post 61 Rentekompensasjon for transporttiltak i fylkene3 735 8644 216 386480 522
Post 66 Tilskudd til tryggere skoleveier og nærmiljøer (ikke definert som fylkesveiformål i Nasjonal transportplan)23 600