Regional transportplan – kva samferdsletiltak skal Vestland prioriterast?

Du kan no gje innspel til det økonomiske handlingsprogrammet og investeringsprogrammet til Regional transportplan 2022–2033 Vestland Fylkeskommune. Sjå innspelsutkastet og lever innspel innan fristen 1. april.

Foto: Skredsikringa av fv. 5722 til Flo i Stryn kommune er eit av mange påbegynte skredskringsprosjekt i Vestland. Det skal stå ferdig sommaren 2022. foto: Vestland fylkeskommune

Slik les du innspelsutkastet

  • Innspelsutkastet gjev ikkje endeleg forslag til fordeling av midlar, men vurderer fordelinga mellom ulike føremål.
  • Det har konkrete men ikkje-prioriterte lister over tiltak innan sektoren. Større prosjekt er ikkje prioritert.
  • Aktuelle prosjekt er delt inn i dei som kan realiserast i økonomiplanperioden 2023-2026, og dei som er aktuelle fram mot utgangen av planperioden i 2033. 
  • Med dagens nivå på løyvingane vil det ikkje vere rom for å prioritere alle prosjekta i utkastet.
  • Kunnskapsgrunnlag og utgreiingar til temaa i RTP er tilgjengelege. 
  • Prosjekt er vist i Fylkesatlas, i kart med lenker til ytterlegare informasjon. Tenesta er under utvikling.

Fylkeskommunen ber særleg om innspel til

  • Kva føremål er viktigast å prioritere i investeringsprogrammet, er det rammeløyvingar til trafikktryggleik og mindre utbetringar, gang- og sykkeltiltak, kollektivtiltak, oppgradering av kai, bru og tunnel eller midlar til store vegprosjekt?
  • Det er føreslått å avsetje 200 mill. kr. årleg til strekningsvise utbetringar av regionale hovudvegar (vegar i funksjonsklasse B), samt å setje i gang minst to større gang- og sykkeltiltak utanom Miljøløftet årleg. Det er også føreslått eigne løyvingar til rekkverk, vegljos og til ei ordning med spleiselag for mindre prosjekt. Vi vil be om synspunkt på dette.
  • Vestland fylkeskommune ber kommunane gjere ei vurdering av moglege konkrete samarbeidsprosjekt med framlegg til spleiselag for finansiering. Vidare ber vi om innspel til  korleis ein kan få mest mogleg for pengane for konkrete framlegg til prosjekt.
  • Vi ber om synspunkt på om det er dei rette tiltak og prosjekt som er lagt inn i investeringsprogrammet, og kva som er viktigast å prioritere.

Handlingsprogram

RTP har eit fireårig handlingsprogram med oversikt over planlagde tiltak og investeringar i perioden, dette blir rullert kvart år.

RTP – Økonomisk handlingsprogram og investeringsprogram er del av handlingsprogrammet til RTP, som vart vedtatt i desember 2021.

Handlingsprogrammet er tre-delt:

  • strategisk del
  • utviklingstiltak
  • økonomisk handlingsprogram og investeringsprogram