Rapport om ulukker på E39 motorvegen mellom Sandnes og Stavanger

Statens vegvesen bestemte hausten 2022 at ein skulle sjå nærare på omfanget av trafikkulukker og -uhell på E39 motorvegen mellom Sandnes og Stavanger. No er rapporten klar.

Foto over: Øyvind Ellingsen, Statens vegvesen

– Folk opplevde at talet på ulukker hadde auka, og me meinte det var grunnlag for å undersøka om dette stemte, fortel Hans Bjørnar Tunheim, overingeniør ved Transportforvaltning vest 2 i Statens vegvesen, og forfattar av rapporten.

Undersøkinga er no ferdig. Den baserer seg på trafikktal frå teljepunkt langs vegen, og informasjon om uhell og ulukker mellom 1. januar 2016 og 28. februar 2023. Det har blitt lagt vekt på å undersøka kvardagar.

Auke etter pandemien

Både trafikkmengda og ulukkestala svingar mykje i den undersøkte perioden.

– Me ser – ikkje uventa – mindre trafikk og færre ulukker under pandemien. Men frå våren 2021 blei det både meir trafikk og fleire ulukker, fortel Tunheim.

Spesielt i perioden september 2021–oktober 2022 gjekk talet på uhell og ulukker forholdsvis mykje opp, til eit snitt på 6,5 hendingar i månaden. Også trafikkmengda auka etter pandemien, men utrekningane viser at talet på ulukker gjekk opp meir.

– Det er eit høgare tal på uhell eller ulukker per 50 000 køyretøy på vegen i denne perioden, fortel Tunheim.

Vanskeleg å samanlikna over tid

Tunheim presiserer at det er utfordrande å samanlikna tala på trafikkmengde og ulukker over lengre tid i dette tilfellet.

Folk sine reisevanar, og dermed trafikksituasjonen, blei sterkt påverka av pandemien. I ettertid har det vore arbeid i Auglendstunnelen, med omkøyringsveg og nedsett fartsgrense. Før pandemien var det også anleggstrafikk på E39 i samband med bygginga av Ryfast. Alt dette kan ha bidrege til færre bilar på vegen og/eller lågare fart enn det som har vore tilfelle sidan Auglendstunnelen opna att i februar 2022.

– Ein kan seia at det ikkje har vore ein normalsituasjon på denne vegen på mange år. Det gjer det vanskeleg å seia noko tydeleg om utviklinga.

Samtidig ser me at talet på uhell og ulukker ser ut til å ha stabilisert seg, eller gått litt ned, dei siste månadane.

Ingen klåre årsaker

Undersøkinga har ikkje funne noko eintydig årsak til auken.

– Trafikkauken forklarer ein del av variasjonen, men ikkje alt. Me har nokre teoriar om andre årsaker, men det er svært mange faktorar i spel, og det har ikkje vore mogleg å undersøka alt. Det er heller ikkje truleg at det er éi einskild årsak som ligg bak.

Nokre trendar i materialet peikar likevel på moglege medverkande faktorar.

– Ein uforholdsmessig stor del av ulukkene har skjedd i sørgåande retning nord for Hinnakrysset. Her har det ein tendens til å danna seg kø i dei travlaste tidene på døgnet. Med ei fartsgrense på 90 km/t kan køen til tider ha kome brått på for trafikantane. Dette kombinert med meir trafikk og ein meir kompleks trafikksituasjon på denne strekninga kan ha bidrege til fleire ulukker.

Tunheim dreg også fram årstidsvariasjon som interessant.

– Det er flest ulukker i september/oktober og til dels mars/april. Dette kan kanskje ha samanheng med låg sol i rushtida på desse tidene av året. Ein sjåfør som blir blenda på veg ut av tunnelen, og bremsar skarpt, kan raskt skapa ein farleg kjedeeffekt, dersom det er tett trafikk.

Vegen vidare

I november i fjor vart det etablert såkalla «tilfartskontroll» på Schankeholen i Stavanger i form av lysregulering som kjem i drift i rushtida. Dette håper ein skal hjelpa på kødanninga nord for Hinnakrysset. Fartsgrensa på motorvegen blir også regulert i periodar med mykje trafikk.

– Me skal sjølvsagt overvaka situasjonen framover, forsikrar Tunheim.
– Utviklinga i vinter har vore positiv, men viss det snur, må me vurdera å gjera fleire undersøkingar for å finna ut meir om kva som eventuelt ligg bak og kva tiltak som vil ha mest effekt.

Han oppmodar trafikantane om å vera merksame på vegen.

– Spesielt i periodar med mykje trafikk og potensiell kø er det ekstra viktig å ha fokus på vegen. Ta det med ro og følg godt med på trafikken framfor deg.

– Me vil òg oppmoda alle som kan om å vurdera å legga køyreturane til andre tider på døgnet enn i den verste rushtrafikken om ettermiddagen, eller gjennomføra fleire turar ved å gå, sykla eller nytta kollektive transporttilbod.