Nye reglar for elsparkesyklar aukar prisane
Nye forsikringsreglar for elsparkesyklar gjer at fleire utleigeselskap no aukar prisane.
Foto over: Statssekretær Mette Gundersen Foto: Fredrik Naumann/Felix Features
Selskapa Tier og Voi seier at prisane går opp med rund 20 prosent.
For i dag pålegg regjeringa at elsparkesyklane skal ha ansvarsforsikring akkurat som bilar, seier Arbeidarpartiets Mette Gundersen i Samferdselsdepartementet.
– Det er for å trygge både utleigarane, dei som leigar elsparkesykkel, men ikkje minst personar som uforskyldt kan kome opp i uhell eller ulykker, seier Gundersen.