Ny satsing på teknologi og digitalisering i transportsektoren

– I transportsektoren har digitaliseringa endra reisekvardagen. Vi vil styrke satsinga på teknologi og digitale løysingar med eit nytt og framtidsretta forskingsprogram, og vi vil styrke selskapet Entur som utviklar løysingar for heile kollektiv-Noreg, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I forslaget til statsbudsjett prioriterer regjeringa forsking som vil gje ny kunnskap om på kva måte transportsystemet bør utviklast for at Noreg skal nå viktige miljømål. Regjeringa styrker også Entur sitt arbeid med å utvikle løysingar for effektiv og kundevenleg planlegging av reiser og billettkjøp.

Transport 2050

– Mykje av utsleppa vi må få bort, kjem frå transport. Vi set av 6 millionar kroner til å starte opp Transport 2050. Dette er forskingssenter som skal produsere kunnskap vi treng for å nå målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Kunnskapen frå Transport 2050 vil òg bidra til å nå målet i Nasjonal transportplan 2025–2036 om eit effektivt, miljøvenleg og trygt transportsystem i hele landet i 2050. Transport 2050 skal omfatte opp til tre forskingssenter som skal arbeide med metodeutvikling, klimatilpassing og klimasårbarheit, og med transportsektorens påverknad på klima, miljø og areal. Forskingsrådet skal administrere ordninga.

– Transportmyndigheitene må planlegge for store endringar i åra som kjem. Kutta i utslepp er krevjande å få til, og det vil også kome raske skifte på teknologifronten. Vi treng eit godt kunnskapsgrunnlag for å utvikle framtidas transportsystem i den retninga vi vil og inn i det grøne skiftet. Kunnskap frå Transport 2050 vil mellom anna vere ein del av grunnlaget for nye transportplanar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Entur

Regjeringa foreslår å løyve nær 173 millionar kroner til det statlege selskapet Entur AS. Verksemda arbeider med å utvikle digitale løysingar for reiseplanlegging og billettkjøp. Forslaget til løyving inneber ein auke på 25 prosent frå 2024.

– Kollektivtransporten skal vere både attraktiv og velfungerande. Spesielt i byområda er gode rutetilbod avgjerande for at kvardagen går i hop for folk. Overgangen til digital teknologi har vore ein revolusjon, både for passasjerane og for kollektivselskapa. Reiseplanlegging og kjøp av billett har aldri vore enklare, seier samferdselsministeren. 

Med stor tilgang på informasjon om reiser og reisebehov kan kollektivselskapa utvikle betre og enklare tenester og tilbod. 

– Entur er ein viktig aktør på nasjonalt plan. Selskapet utvikler og tilby løysingar for mest mogleg komplett og saumlaus reiseplanlegging og billettering til heile kollektiv-Noreg. Dette er ei viktig oppgåve, og difor foreslår vi ein kraftig auke i løyvinga til selskapet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Statens vegvesen

Statens vegvesen skal leggje til rette for moderne og heilsskapleg vegtransport i  hele landet. Regjeringa set difor av 120 millionar kroner ekstra til digitalisering, teknologiutvikling og til å redusere teknisk etterslep på IT-systema.