Mesta overtar byggseksjonen frå Eviny Fornybar

Dei tilsette i byggseksjonen i Eviny Fornybar blir frå 2. mai ein del av Mesta si avdeling for Anlegg og Spesialproduksjon i Leikanger. Det er klart etter at begge selskapa har sagt ja til verksemdsoverdraging (08.04.2022)

Foto over: Prognosane viser at det om få år vil bli færre oppdrag med rehabilitering av dammar og kraftstasjonar i Eviny. Bildet er frå arbeid ved Grøndalen pumpestasjon i Voss herad (Foto: Eviny).

– Vi er glade for at Mesta kan ta over det dyktige fagmiljøet vårt. Eviny Fornybar har gått frå å vera ein kraftutbyggar til å bli eit driftselskap der den viktigaste oppgåva er å skapa verdi av dei 39 kraftanlegga våre. Prognosane viser at det om få år vil bli færre oppdrag med rehabilitering av dammar og kraftstasjonar. Fjell- og betongarbeid er i dag ikkje ein del av vår strategiske satsing, så framover er dette tenester vi best kan kjøpa i marknaden, seier Olav Osvoll, konserndirektør Fornybar i Eviny.

I september 2021 vedtok styret i Eviny Fornybar å starta forhandlingar om verksemdsoverdraging. Andre selskap har vore aktuelle, men Mesta kom til slutt opp som den beste kandidaten til å overta byggmiljøet.

– Mesta er veldig glade for å kunna ønskja velkommen nye dyktige medarbeidarar til vår Anlegg og Spesialproduksjonsavdeling. Den kompetansen dei sit på passar veldig godt inn i vårt miljø, og vi håpar og trur at dei vil finna seg godt til rette hos oss i Mesta, seier Bjørn Granviken, konserndirektør Anlegg og Spesialproduksjon i Mesta.

Positive til Mesta

18 tilsette er omfatta av verksemdsoverdraginga til Mesta. Det vart tatt godt imot at Mesta kom på banen.

– Det er leit at det ikkje er nok arbeid framover i Eviny. Men når det først er slik, ser vi positivt på at det er Mesta som skal ta over. Mesta er ein stor entreprenør med ein brei portefølje av prosjekt. Selskapet driv seriøst med ordna forhold og gode arbeidsvilkår, seier Morten Bildøy, hovudtillitsvald i Eviny.

Får med oppdrag for Eviny

Byggmiljøet frå Eviny Fornybar vil bli ein del av ei avdeling i Leikanger som høyrer til forretningsområdet Anlegg og Spesialproduksjon i Mesta. Mesta Anlegg og Spesialproduksjon har over 500 medarbeidarar og er ein nasjonal totalleverandør som utfører alle typar anleggsarbeid, mellom anna fjell- og tunnelsikring og rehabilitering av bruer og kaiar.

I tillegg til dei tilsette vil verksemdsoverdraginga omfatta anleggsutstyr, driftsmateriell og kontraktar om oppdrag for Eviny Fornybar i tre år.