total trafikkhjelp as

Livet som trafikkdirigent. – Har fleire gonger fått kaffi og kake. Og ei og anna skyljebøtte

Køyrer du bil i Sogn kan du nesten ikkje unngå å møta dei i ny og ne. Kanskje drep du dei med blikket. Men dei er eigentleg svært hyggjelege, skriver Sogn avis (23.03.2021) (Foto over: Total Trafikkhjelp AS)

– Han seier han må nå halv tolv-ferja.

Tom Høvik har nett stoppa ein trailer på austsida av Borgundstunnelen. Kolonnen går om kring ti minuttar.

– Det bør vel gå bra, seier kollega Jermund Bosheim.

Men så er det ikkje alltid at det går som planlagt for sjåførane når trafikkdirigentane strekkjer ut stoppskiltet og gir beskjed om at neste kolonne går om 5, 10, 15 eller 20 minuttar – til dømes. 

– Trafikktryggleik er oppgåva vår. Foto: Trafikkdirigering AS

– Køyre- og kviletid kan vera eit problem. Så skal dei rekkja Gudvangatunnelen eller ei ferje, og så er det kanskje ein som har køyrt litt sakte framfor dei rett før i tillegg. Viss dei ikkje rekk dette her dei har planlagt, så hender det at me får oss ei skyljebøtte, ja. Det blir me vande til, og dei er i fåtal, fortel Tom.

– Det er ein logistikk for sjåførane som kan vera vrien her. Og eg har full forståing for det, men eg kan altså ikkje gjera noko med det, legg han til.

Ikkje så rart at folk blir leie, kanskje. Men, det er altså ikkje trafikkdirigentane sitt påfunn å stengja vegar.

– Ein ven seg til ein kvar jobb. Men i starten lurde eg nok litt på kva eg hadde rota meg borti, seier Tom.

– Det er vel hyggjelege folk de møter også?

– Mange, mange. Om somrane med turistbussane til dømes har eg opplevd fleire gonger at dei kjem ut med kaffi og kake. Kaffikoppen kan du berre behalda, seier dei. «Kos deg!» Ein ølboks har det hendt dei vil gje meg også. Så det er veldig mange og heilt klart flest hyggjelege sjåførar.

– Trafikktryggleik er oppgåva vår

– Trafikktryggleik er oppgåva vår. Leiebilen er bremseklossen i tunnelen for å halda farta nede. Og me føler ofte at dei skulle gjerne ha pusha oss litt, for dette går for sakte, seier Tom.

Les heile saka i Sogn avis