Her fekk Statens vegvesen meir for pengane

Små tiltak som kostar lite, men som gir mykje igjen til trafikantane.

Slik oppsummerer byggjeleiar Jørn Kristian Engebø jobben Statens vegvesen har gjort på riksveg 13 mellom Hella ferjekai og Leikanger i Sogndal kommune.

Ikkje den enklaste strekninga

For ein kontraktssum på ni millionar pluss moms har Statens vegvesen, saman med entreprenør Mesta, i haust gjort fleire tiltak som betrar trafikktilhøva på den smale, 10 kilometer lange strekninga som har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 750 køyretøy.

Det er ikkje den enklaste strekninga å gjera tiltak på. Det er utfordrande fjell i forhold til geologien på eine sida av vegen, og stupbratte fjell og fjorden på den andre. I tillegg skal ein gjennom Kvinafossen naturreservat.

Det byrja med TS-tiltak (TS = trafikktryggingstiltak) i form av bakkeplanering. Her fylte vi opp sideterreng i område med høgdeforskjell mellom riksveg og sideterreng, samt pigga eller sprengde vekk utstikkande bergknausar.

– Ved etablering av enkelte lommer var det utfordrande geologi. Enkelte blokker stod i fare for å gli ut. I staden for å bolta desse valde me å ta dei ned. Å fjerna slike blokker gjer det tryggare for trafikantane, samt at ein vil også spara ein del driftskostnadar i ettertid. Det skuldast at bolting ville gitt behov for tilsyn, seier Engebø.

Fekk gjort meir enn planlagt, fylket vil kopiera metoden

Vestland fylkeskommune har tatt kontakt, og er interessert i kopiera måten vi bygde opp denne kontrakten på. Å laga møtelommer er ein billig og god å måte å utbetra vegar på. 

Undervegs i prosjektet gjorde Statens vegvesen også tiltak som eigentleg ikkje var planlagde, men som vi tok fordi vi likevel var i området.

– Mellom anna gjorde vi siktutbetring for Sogndal kommune i ein avkøyrsel, utbetra stikkrenner og etablerte rister på opne stikkrenner. Vi har også utført nokre mindre breiddeutvidingar etter innspel frå grunneigar. Det er også gjort mindre tiltak med fjerning av blokker som låg på utsida av rekkverket. Ved å fjerna desse vart sikta mykje betre. Nokre parti med utsikkande fjell vart fjerna etter innspel frå transportnæringa.

Statens vegvesen sine prosjekta her på den nordlegaste delen av Hellavegen vart ferdige innan fristen som var 1. mars.

Det står igjen asfaltering av éi lomme og noko oppussing av sideterreng. Dette vert utført i april.

– Vi er godt nøgde med å ferdigstilla eit prosjekt som har gitt betre veg til trafikantane, og at einhar fått meir igjen for pengane gjennom eit av våre toppmål: Nytta skal opp, og kostnadane ned, avsluttar byggjeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.