Tre personar omkom momentant og éin person blei alvorleg skada då ein personbil frontkolliderte med ein betongbil på E6 mellom Grønbakken og Kongsvoll i Oppdal kommune 25. oktober 2019. Det var snøvêr og krevjande føreforhold då ulukka skjedde. (15.02.2021)

Statens havarikommisjon tilrår at Statens vegvesen styrker innsatsen for å forbetra vinterdrifta på utsette punkt og strekningar som krev ekstra veggrep på grunn av veggeometri, vêr- og føreforhold og andre særskilde forhold.

Ulukka skjedde på E6 mellom Grønbakken og Kongsvoll i Oppdal kommune. Personbilen køyrde nordover då han kolliderte med ein betongbil på veg sørover. Kart: © Kartverket. Illustrasjon: SHK

Ein personbil på veg nordover på E6 fekk skrens og kom over i motsett køyrefelt. Personbilen traff ein lastebil i fronten med si høgre side og blei kraftig deformert som følge av samanstøyten. 

SHKs undersøking har vist at entreprenøren hadde sett i verk driftstiltak i form av brøyting og salting før ulukka. Intensiteten i vêret, med vind og betydeleg mengde snøfall på kort tid, gav likevel krevjande føreforhold på ulukkesstaden.

Fleire samanfallande faktorar medverka til at ulukka skjedde. Både krevjande føreforhold, nedstiging, varierande kurveradius og for lite tverrfall kan ha medverka til at personbilen fekk sleng og skrensa i den aktuelle hastigheita. 

Ulukka skjedde i tillegg i eit område med fleire og ulike typar overgangar. Grensa mellom driftskontraktane for dei to rodene i området og fylkesgrensa gjekk like sør for ulukkesstaden, kor både den geometriske vegutforminga og vêr- og føreforholda endra karakter. Dei tilgrensande rodene var klassifisert i ulike vinterdriftsklassar, med tilhøyrande ulike krav til tiltak ved vêrhendingar. 

Ulukka skjedde på ein stad kor tilstanden på vegen kravde meir av personbilføraren enn det han klarte å handtera i situasjonen han hamna i like før ulukka. Både denne og tidlegare undersøkingar gjennomført av SHK har vist at ulukkene typisk skjer på stader som krev ekstra veggrep til manøvrering og hastigheitstilpassing på grunn av geometrisk vegutforming og vêr- og føreforhold. 

SHK fremjar éi tryggleikstilråding i denne undersøkinga.

Tryggleikstilråding VEG nr. 2021/01T

Undersøkinga av ulukka like nord for Grønbakken i Oppdal kommune 25. oktober 2019 har avdekka at det var svært krevjande føreforhold då ein personbil fekk sleng og skrensa mot ein møtande lastebil på delvis snødekt underlag. Tre av dei fire personane i personbilen omkom i ulukka, medan den fjerde blei alvorleg skada. Både denne og tidlegare undersøkingar gjennomført av SHK har vist at ulukkene typisk skjer på stader som krev ekstra veggrep til manøvrering og hastigheitstilpassing på grunn av geometrisk vegutforming og vêr- og føreforhold.

Statens havarikommisjon tilrår at Statens vegvesen styrker innsatsen for å forbetra vinterdrifta på utsette punkt og strekningar som krev ekstra veggrep på grunn av veggeometri, vêr- og føreforhold og andre særskilde forhold.

Last ned hele rapporten: (-pdf)
RAPPORT OM VEGTRAFIKKULUKKE PÅ E6 VED KONGSVOLL I OPPDAL KOMMUNE 25. OKTOBER 2019