Gjer E39 i Stord og Tysvær tryggare
Statens vegvesen betrar no trafikktryggleiken på to strekningar: Førland – Ådland på Stord i Vestland, og Liland – Våg i Tysvær i Rogaland.
Foto over: Frå strekninga Førland – Ådland på E39 i Stord kommune. Foto: Statens vegvesen
Til saman er strekningane på 8,2 kilometer.
Tre firma ville ha jobben
Det var tre firma som leverte tilbod på arbeidet som er eit trafikksikkerhets-prosjekt (TS).
– Etter at vi hadde kontrollrekna, var var det Veisikring AS som fekk oppdraget for 8.379.870 kroner, seier byggeleiar Einar Hauge i Statens vegvesen.
Dette skal gjerast
Gjennomsnittleg døgntrafikk i kontraktsområdet varierer, og er på det høgaste 5800 køyretøy. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT).
Hovuddelen av oppgåva er å fjerna 4537 meter med gammalt rekkverk på trestolar og erstatta dette med nytt rekkverk på stålstolpar. I tillegg skal det setjast opp rekkverk på stader der det ikkje er i dag.
Totalt blir det sett opp 8300 meter nytt rekkverk.
Det vil òg bli rydda og planert i sideterreng. Dette både for å gi betre sikt, og for å fjerna eller sikra objekt som kan gi bråstans ved eventuell utforkøyring. Dette er typisk store steinar, stubbar, tre og djupe bekkeløp.
Arbeida vil starta i løpet av denne månaden og skal vera ferdige til 30. november.
Både dirigering og lys vil bli brukt for å styra trafikken medan arbeida pågår.
Nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken
Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid skaper utfordringar for trafikantane, men då er det viktig å understreka at det er nettopp dei vi gjer jobben for.
– Vår nullvisjon for drepne og hardt skadde er målet, og ulykkestala så langt i år viser at det er nødvendig å halda trykk på trafikktryggleiksarbeid, avsluttar byggeleiar Einar Hauge i Statens vegvesen.