– Regjeringa har ambisiøse klimamål. Vi jobbar for at alle nye bilar som blir selt i 2025 er nullutsleppsfrie. Med dei utsleppsreduksjonane det vil gje, kan Statens vegvesen kutte 300 millionar kroner i utbygginga av ventilasjonsanlegget i den nye Rogfast-tunnelen. Ein meir miljøvenleg kvardag har mange uventa og positive ringverknadar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. (10.02.2021)

Statens vegvesen gjekk gjennom kostnadane i prosjektet E39 Rogfast i Rogaland i fjor. Rogfast skal bli verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel. Gjennomgangen har òg vore gjennom ei ekstern kvalitetssikring.

– Med mindre utslepp frå bilar, treng vi mindre ventilasjon enn tidlegare. Eg vil understreke at sjølv om det blir mindre ventilasjon, går ikkje det utover branntryggleiken i Rogfast. Det er særs viktig for ein så lang tunnel. Samstundes håper vi at reduksjonane i utslepp frå bilane kan føre til kutt i andre tunnelar i framtida, seier samferdselsministeren.

Rogfast klar til bygging

Gjennomgangen av kostnadane i fjor, viste at Rogfast blir dyrare. Stortinget vedtok å auke den statlege delen i prosjektet frå 21,4 prosent til 40 prosent. Den nye kostnadsramme er på 24,8 milliardar kroner, mot tidlegare 20,8 milliardar kroner.

– Vi har no stadfesta overfor Statens vegvesen at dei kan halde fram med bygginga av Rogfast. Etter at Stortinget gjekk med på kostnadsauken, har vi sendt vegvesenet brev for å fullføre den formelle prosessen. Statens vegvesen kan no starte å lyse ut kontraktar i prosjektet, seier Hareide.

Statens vegvesen avlyste den første kontrakten i prosjektet, etter at tilbodet var høgare enn forventa. Sjølv om prosjektet totalt sett har blitt dyrare, har Statens vegvesen kome med ei rekke kutt. Mellom anna kuttet på 300 millionar kroner til ventilasjon.

Tunnelen under Boknafjorden vil sjå slik ut når han er ferdig. Illustrasjonsfoto: Norconsult/Statens vegvesen

– Vi har no stadfesta overfor Statens vegvesen at dei kan halde fram med bygginga av Rogfast. Etter at Stortinget gjekk med på kostnadsauken, har vi sendt vegvesenet brev for å fullføre den formelle prosessen. Statens vegvesen kan no starte å lyse ut kontraktar i prosjektet, seier Hareide.

Statens vegvesen avlyste den første kontrakten i prosjektet, etter at tilbodet var høgare enn forventa. Sjølv om prosjektet totalt sett har blitt dyrare, har Statens vegvesen kome med ei rekke kutt. Mellom anna kuttet på 300 millionar kroner til ventilasjon.

– Rogfast er eit av dei største samferdselsprosjekta i Noreg. Det bind saman Stavanger-området med Haugalandet, gir ein større bu- og arbeidsmarknadsregion og reduserer reisetida mellom Stavanger og Bergen kraftig. Det er viktig å gjennomføre prosjektet, men vi skal samstundes passe på at kostnadane er under kontroll. Det er dei no, etter ein god gjennomgang av Statens vegvesen, seier Hareide.