Flaum i Vestland

676 kilometer av fylkesvegane i Vestland er flaumutsett. Det tilsvarar 11,6 prosent av fylkesvegnettet. 

Endringane av klima er ei av dei største utfordringane. I Vestland fylke er det større risiko for meir skred og flaum framover. Klimaendringane kan føre til aukande ekstreme vêrhendingar. Det er sannsynleg at det kjem fleire hendingar som dei i Utvik i 2017 og i Jølster i 2019.

Foto over: FLOM I FLÅM: 11. november 2022 gjekk Flåmselvi nesten over sine breidder. Foto: Henning Elgåen, Aurland kommune

Flaumsikring

Eit konkret eksempel frå Innvik

STORELVA BRU: Kven skal betale for flaumsikring av ei bru som har lang levetid igjen? Det er eit av spørsmåla fylkesordførar Jon Askeland stiller under flaumsikringskonferansen 13. april. Foto: Vestland fylkeskommune

  • NVE kontakta Vestland fylkeskommune med ei oppmoding om å bygge ny bru ved fv. 60 ved Storelva i Innvik i Stryn kommune
  • NVE er avhengig av at brua blir byta ut dersom dei skal flaumsikre elva
  • Brua har restlevetid på 30 år, ikkje kritisk skadd, og er difor ikkje prioritert hos Vestland fylkeskommune.  
  • Framtidige flaumhendingar er ikkje er eit kriteria for at fylkeskommunen prioriterer utbetring av ei bru