Dirigentane blir utskjelte, skilt blir kasta i vatnet

Verbale angrep og hærverk er ikkje dirigentane ukjende med. Mellom Malmei og Ivesdal i Agder kunne kanskje betre informasjon ha roa gemytta litt, spør avisa Dalane Tidende.

– Hårreisande! Dirigentane gjer jo bare jobben sin – i allslags vêr, seier Inge Serigstad.

Han bur på Hovland mellom Espeland og Veen og kjører nærmast dagleg fylkesveg 503 mellom Vikeså og heimplassen. På delar av strekninga, langs Hofreistæ mellom Malmei og Ivesdal, pågår det for tida fjellsikring. Vegen er derfor stengt i lange periodar om gongen. 

Her om dagen, mens han venta på at vegen skulle opna, kom Serigstad i drøs med ein av trafikkdirigentane til V&T. Han trudde nesten ikkje det han fekk høyra.

– Ho sa at ho skulle avslutta arbeidsdagen med eit bad i Hofreistæ. Ho skulle nemleg uti for å henta opp eit skilt som var blitt lempa i vatnet. I tillegg fortalde ho om fleire episodar med utskjelling og til dels aggressiv oppførsel av folk som blir rasande når dei ikkje får passera sperringa.

SOLSTEIK, REGN OG KULDE: – Dirigentane gjer jo bare jobben sin – i allslags vêr, påpeiker Inge Serigstad overfor Dalane Tidende. Foto: V & T Entreprenør AS Instagram

Kjent fenomen i bransjen

Tom Egeli, som er dagleg leiar i V&T Entreprenør AS, ristar gjenkjennande på hovudet når han får referert Inge Serigstad si historie. 

– Det er eit kjent problem i bransjen vår at dirigentane kan møta desse utfordringane. Derfor har ein gått ganske hardt ut i det siste og gjort det klart at me ikkje kan akseptera slik oppførsel og behandling. Folka våre gjer ein god og viktig jobb og skal ikkje måtta bli utsette for slike ting, seier Egeli til avisa Dalande Tidene.

V&T Entreprenør blei nyleg medlem av Trafikksikkerhetsforeningen, som er éi av fleire samanslutningar som jobbar for at dei som har arbeidet sitt på og langs vegane, skal vera trygge på jobb.