Beredskapsøving i Gudvangatunnelen

Måndag 13. juni skal Statens vegvesen ha beredskapsøving i E16 Gudvangatunnelen.

Foto over: E16 Gudvangatunnelen. Bilete frå Google maps street view

Det vil bli kolonnekøyring frå 18.30-20.30 begge retningar, og stengt tunnel frå 20.30-22.30. Det vil bli brukt røyk under øvinga.

– Vi har forståing for at stengd tunnel kan vera krevjande for trafikantane, men det er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom ei hending skulle inntreffa. Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og sikkerheitsgodkjenning av tunnelen at vi skal halda slike øvingar, seier brannvernleiar Svein Rune Vie i Statens vegvesen.

Vi oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar.

Fakta om Gudvangatunnelen

Gudvangatunnelen har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 2.200 køyretøy. Det er dette som kallast ÅDT (årsdøgntrafikk). Av dette er 28 prosent, eller 616, lange køyretøy . 

Den 11.428 meter lange Gudvangatunnelen var Noregs lengste då han vart opna i 1991. Sidan har han falle ned til sølvplass etter at Lærdalstunnelen (24.509 meter) vart opna i 2000. 

Tek vi med undersjøiske tunnelar i same oversikt, har Gudvangatunnelen framleis pallplass som landets tredje lengste etter at den 14300 meter lange Ryfylketunnelen opna 30. desember 2019.