Arbeidstilsynet slår alarm etter fleire dødsulykker i sommar
Arbeidstilsynet slår alarm etter ein sommar med 47 alvorlege ulykker i Noreg i byggebransjen, skriv Aftenposten.
Bilde over: Arbeidstilsynet
Åtte personar har døydd, og tilsynet fryktar nå fleire dødsfall, skriv avisa. 15 ulykker skjedde fordi den tilsette falt.
– Eg får vondt i magen av dette. Me venter jo berre på at det skal skje endå ei ulykke, seier seniorinspektør i Arbeidstilsynet Kenneth Tønnessen til Aftenposten.
Inspektøren meiner reaksjonane må vera sterkare.
Arbeidsulykkene som Aftenposten har identifisert har skjedd mellom 23. mai og 1. august i år. I fjor døyde 31 personar på jobb i Noreg, ifølge Arbeidstilsynet. Gjennomsnittet mellom 2011 og 2020 er 35 dødsfall. Dei siste åra har det vore ein moderat auke i arbeidsrelaterte dødsfall, skriv avisa.