21 personer omkom i trafikkulykker i mai. Ikke siden juli 2016 har så mange blitt drept i trafikken i løpet av en måned.

15 drepne i trafikken i oktober

I oktober omkom 15 personar i trafikken. Dette er nesten tre gonger så mange som i fjor, då 6 døydde. Det er over ti år sidan vi sist hadde så mange trafikkdrepne i oktober.  

Så langt i år er 111 drepne i trafikken. Det er 16 fleire enn på same tid i fjor.

Dette viser foreløpige ulykkestal frå Statens vegvesen.

Mange ulykker med fleire omkomne i 2023

Tolv av årets dødsulykker er ulykker med to eller tre omkomne. Det er uvanleg mange.

– Vi opplever mange ulykker med fleire omkomne i år, seier Svein Ringen i Statens vegvesen. På same tidspunkt i fjor var det åtte ulykker med fleire omkomne, mot tolv i år. Dei siste fem åra har vi berre hatt tre til fem ulykker med fleire døde gjennom dei første ti månadane av året. Dette kan vere tilfeldig, men vil vere noko vi ser på i analysen av årets dødsulykker, seier Svein Ringen.

Auke i talet på møteulykker med dødeleg utfall

Det er 16 fleire dødsulykker mellom møtande bilar i år enn i 2022. Møteulykker og utforkøyringsulykker dominerer årets dødsulykker på vegane. 50 mista livet i møteulykker, og 37 omkom då dei køyrde av vegen.

– Etter år med nedgang ser vi ein auke. Særleg gjeld dette talet på møteulykker med dødeleg utgang, men også talet på utforkøyringsulykker aukar, seier Svein Ringen. Samtidig ser vi at det er færre fotgjengarulykker. Sju i år mot elleve i fjor.

81 menn og 30 kvinner omkom i trafikken i dei ti første månadane av året. Meir enn halvparten (60) døydde i personbil. Dette er ein auke på 14 frå i fjor. I 34 av ulykkene var tungbil involvert, og fem av dei omkomne var førarar av desse bilane.

– Det er for tidleg å seie noko om årsakene til årets dødsulykker, seier Svein Ringen. Men vi veit at dersom alle brukar bilbelte og køyrer rusfritt, så sparar vi mange liv. No er det komme snø mange stadar i landet, så dersom alle også køyrer etter forholda og held merksemda på vegen, ligg mykje til rette for at vi sparar liv i trafikken, avsluttar Ringen.

Ulykkestal frå Statens vegvesen

* 2023 tala er foreløpige.

Hittil i år (pr. oktober)
Uhellstype2014201520162017201820192020202120222023*Endring
Møteulykker5429373233343129345016
Utforkøyring453449243632252029378
Kryssulykke15786335482-6
Same køyreretning2345472483-5
Fotgjengarulykke1691289798117-4
Anna31212733465127
SUM1359412282888676719511116
Heile året1471171351061081089380116 
Eining2014201520162017201820192020202120222023*Endring
Fotgjengar169127779897-2
Sykkel1251287633572
Moped20112001022
Lett MC20111121330
MC18202119131517131817-1
ATV/Traktor4190200242-2
Personbil6555593751473433466014
Varebil/Bobil20334342484
Tungbil44321556253
Buss70110111000
Anna3003011140-4
SUM1359412282888676719511116
Fylke2014201520162017201820192020202120222023*
Viken38193214151617201920
Oslo2343515131
Innlandet35159811118919
Vestfold og Telemark9696108115114
Agder38113872457
Rogaland6215781451112
Vestland93111513958813
Møre og Romsdal3254693333
Trøndelag821486856913
Nordland4196513821013
Troms og Finnmark25107435976
SUM8756135828886767195111