Sindre Stølan ny administrerande direktør Saferoad Vik Ørsta

Sindre Stølan kjem frå stillinga som Commercial Manager for rekkverksprodukta i Saferoad Vik Ørsta. Ei stilling han har hatt sidan september 2024. I denne stillinga har han hatt tett og god kontakt med kundane og opparbeid seg eit nettverk både i marknaden og internt i Saferoad Group.

– Dette blir ei god løysing vidare for Saferoad Vik Ørsta, seier noverande administrerande direktør og styreleiar i Saferoad Vik Ørsta Kjetil Nesset. Her får vi ein som kjenner dei tilsette, kulturen vår og verdiane våre.

Kjetil Nesset vil halde fram som styreleiar i Saferoad Vik Ørsta og i si noverande stilling som SVP i Saferoad Group der han leiar divisjonen Infrastructure. Sindre Stølan vil også halde fram i si rolle som Commercial Manager i Noreg i rekkverksdivisjonen av Saferoad Group.

– Eg ser fram til å leie Saferoad Vik Ørsta saman med dyktige kollegaer både i Vik i Sogn og i Ørsta, seier Sindre Stølan. Bedrifta har ei stolt historie og ein sterk posisjon som leverandør av lokalproduserte sikkerheitsprodukt i Noreg, som eg gler meg til å utvikle vidare.