Leder Hallingdølen: – Så tydeleg som det kan bli
Så tydeleg som det kan bli – dette grepet reddar liv
Hallingdølen meiner: Frå 1979 til 2005 skjedde det 16 ulykker med personskade på dei 700 metrane gjennom Kjerringvika i Nesbyen. Så blei vegen bygd om.
Han blei breiare, fartsgrensa delar. Sidan har det vore registrert éi trafikkulykke med personskade på strekninga. Meir visuelt og tydeleg kan det knapt seiast: Trafikksikring verkar.
Sjølvsagt kan ikkje heile æra givast til midtdelaren. Lågare fart og betre veg har også gjort Kjerringvika tryggare.
Bilane er blitt sikrare, og mykje godt arbeid er gjort med haldningar og åtferd i trafikken.
Men Kjerringvika står ikkje åleine.
Ingen har omkome på ei strekning med midtdelar i Hallingdal. Også talet på skadde er lågt. Det bør vere vanskeleg å sjå desse resultata utan å spørje kvifor me ikkje har gjort meir av det som tydeleg fungerer………

Les også:
Stortingshøring Statsbudsjettet 2026: Trafikksikkerhet handler om å ta vare på hverandre
Ny rapport: 4-feltsvei mer lønnsomt enn antatt – liv kunne vært spart