Bygger E134-strekning uten midtrekkverk
Fra Ølen til Mørkeli starter Statens vegvesen snart på et etterlengtet prosjekt som varer to og et halvt år.
– I dette prosjektet skal me utbetra 6,3 km av E134 slik at vegen får gul midtstripe og forsterka vegoppmerking, som består av rumlefelt i midten og på sidene. Fleire kurver skal rettast ut og det skal gjerast arbeid med sideterrenget for å betra sikta. I tillegg skal vegstrekket asfalterast og rekkverk skal utbetrast/skifast ut. Ei ny bru er også del av prosjektet, seier prosjektleiar Johannes Handeland i Statens vegvesen.
Illustrasjon over: Skisse av prosjektet Ølen-Mørkeli. Her frå Fikse. Illustrasjon: Statens vegvesen
Anleggsarbeida startar etter planen i juni.
Trafikantane vert påverka i varierande grad gjennom anleggstida.
Vegen vil bli stengd i kortare periodar i samband med sprengingsarbeid. Det vil også bli nytta trafikklys på deler av strekninga. Manuell dirigering og nedsett fartsgrense er også aktuelle tiltak i byggeperioden.
– Vi har forståing for at dette kan mellombels verta krevjande for trafikantane, men hugs på at vi gjer dette for dei, for at vegen i området skal verta betre, slik det lenge har vore eit ønske om.
Trafikkreguleringa handlar også om tryggleiken for arbeidarane. Fart i anlegg er eit tema Statens vegvesen tar på største alvor.
Prosjektet og tilbydarane
Prosjektet er finansiert gjennom Haugalandspakka og med statlege midlar. Her er vår prosjektside.
Det er Vossa-firmaet Hirth Himle Entreprenør AS som har levert det beste tilbodet på prosjektet E134 Ølen-Mørkeli.
Desse leverte tilbod
| Tilbydar | Tilbodssum eks. mva |
| Hirth Himle Entreprenør AS frå Voss | 164 779 262 |
| Birkeland AS frå Sveio | 171 248 636 |
| Brødrene Flatebø AS frå Etne | 183 869 023 |
| Brødrene Thorkildsen AS frå Vanse | 188 665 723 |
| Risa AS frå Nærbø | 202 967 068 |
| Vassbakk & Stol AS frå Karmøy | 210 650 637 |
Dette er drift og vedlikehald
– Dette prosjektet går rett inn i kjernen av det drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om. Det å utbetra kurver gir betre køyreoppleving, og å utbetra sideterreng gir betre sikt. Rumlefelt gjer at trafikantane merkar om dei ligg feil i vegen; dette bidreg også til jamnare og betre køyring. Alt dette handlar om å ta vare på det vi har, noko som er det finaste du kan gjera både for trafikantane, samfunnet og klimaet.
– Drift og vedlikehald er ei lang rekke prosjekt som kvar for seg kanskje ikkje utgjer så mykje, og ikkje er dei mest kostbare, men som i sum har stor betydning for kvardagen til folk, tryggleiken på vegane og konkurransekrafta for næringslivet. Dette prosjektet er eit godt døme på det, avsluttar Handeland.
Fakta: Årsdøgntrafikken (ÅDT) ved Ølen 134 ligger på rundt 5000 kjøretøy , hvorav cirka 18% er tungtransport.